Christin Cooper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christin Cooper
Statsborgarskap USA
Fødd 8. oktober 1959 (64 år)
Los Angeles
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1980, alpine skiing at the 1984 Winter Olympics – women's giant slalom

Christin Elizabeth Cooper (fødd 8. oktober 1959) er ein USA-amerikansk skirennar frå Ketchum i Idaho som vann fire medaljar, tre sølv og ein bronse, under Alpin-VM 1982 og Vinter-OL 1984.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Cooper debuterte i verdscupen i alpine greiner i 1978. Under dei olympiske leikane 1980 i Lake Placid i heimlandet vart ho nummer sju i storslalåm og åtte i slalåm.

Frå desember 1981 til mars 1984 vann Cooper fem renn i verdscupen; to i storslalåm, eitt i slalåm og to i kombinasjon. Ho kom på tredjeplass i verdscupen i alpine greiner 1982, einast sveitsiske Erika Hess og vesttyske Irene Epple var betre alpinistar gjennom sesongen. Same året sanka ho tre medaljar gjennom verdsmeisterskapen i alpine greiner 1982 i Schladming i Austerrike. Det tok til med ein bronse i kombinasjonen og heldt fram med sølvmedaljar i storslalåm og i slalåm. Alle dei tre tevlingane vart elles vunne av Erika Hess.

Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo vann Cooper sølvmedaljen i storslalåm, og sikra dermed dobbeltsiger for USA ettersom gullmedaljen gjekk til Debbie Armstrong. Cooper, som la opp etter OL-sesongen 1984, stod 26 gongar på sigerspallen, 19 av dei i anten storslalåm eller slalåm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar