Christina Henriksen
Utsjånad
| Christina Henriksen | |||
| | |||
| Fødd | 4. januar 1983 (43 år) Kirkenes | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Norske Samers Riksforbund | ||
| Yrke | politikar, lærar | ||
| Alle verv | |||
Christina Henriksen (fødd 4. januar 1983) er ein norsk samisk politikar frå Sør-Varanger. I 2013 vart ho vald inn som sametingrepresentant for felleslista Norske Samers Riksforbund/Samefolkets parti (NSR/SfP) i austre valkrets. Ho vart fast medlem i Samerådet i 2017 og visepresident i 2018. Frå 2020 til 2022 var Henriksen president i Samerådet.[1][2]
Henriksen er utdanna lærar, og har vore kateket-vikar og lærer i Sør-Varanger kommune. Ho har også arbeidd med internasjonalt samarbeid, som rådgjevar for urfolksaker ved Barentssekretariatet.
Verv
[endre | endre wikiteksten]- 2002–2007 Leier i Davvi Nuorra
- 2009–2011 Medlem i Norsk kulturråds fagutvalg for musikkfestivalar
- 2011–2013 Medlem i Norsk kulturråds musikkutval for arrangørstøtte
- 2015–2019 Styremedlem i Riddu Riđđu
- 2017–dd Fast medlem for Norske Samers Riksforbund i Samerådet
- 2020–2022 President i Samerådet[2]
Verv i Sametinget
[endre | endre wikiteksten]- 2013–dd Medlem av Samisk parlamentarisk råd
- 2013–2017 Sametingrepresentant
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Tømmerbakke, From Siri Gulliksen. «Christina Henriksen nyvalgt president i Samerådet». www.highnorthnews.com (på bokmål). Henta 2020-03-05.
- 1 2 «Sámiráđi ođđa presideanta». NRK Sápmi (på nordsamisk). 2022-08-15. Henta 2022-11-23.
- Sametinget: Christina Henriksen
- NRK: Christina Henriksen
- Denne artikkelen bygger på «Christina Henriksen» frå Wikipedia på bokmål, den 29. september 2017.