Christine Arron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christine Arron
Osaka07 D2M Christine Arron.jpg
Fødd 13. september 1973
Les Abymes
Christine Arron på Commons

Christine Arron (fødd 13. september 1973) er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Les Abymes på Guadeloupe. Ho vart europameister 1998 i Budapest med europarekord på 100 meter med tida 10,73 sekundar. I tillegg vann ho gull på den korte stafetten i den same meisterskapen, og i VM 2003. Arron har til saman sikra seg fem VM-medaljar, tre EM-medaljar og ein OL-medalje; seks av medaljane er frå 4 x 100 m stafett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Arron sitt internasjonale gjennombrot kom då ho vart nummer fire i finalen på 100 meter i VM 1997 på tida 11,05, og var med på det franske stafettlaget på 4 x 100 meter som kneip bronsemedaljane.

Christine Arron i 2007

Høgdepunktet for Arron kom sommaren 1998 under europameisterskapen i Budapest. Ho vann 100 meter på ny europarekord, 10,73 sekundar, framom Irina Privalova på 10,83, og sprang sidan Frankrike inn til siger på den korte stafetten. Året etter sette ho personleg rekord på 200 meter med 22,26 sekundar i Saint-Denis, og kom på sjetteplass på 100 meter i VM i Sevilla. Derimot vart ho sølvmedaljør på 4 x 100 meter stafett. Ho deltok på 100 meter også Sommar-OL 2000, men vart slått ut i semifinalane.

I Paris-VM 2003 vart Arron nummer fem i 100-meterfinalen, før ho saman med Muriel Hurtis, Patricia Girard og Sylviane Felix vart verdsmeistrar i 4 x 100 meter stafett. Også i sommarleikane 2004 vann ho ein medalje på den korte stafetten, saman med lagvenninnene Véronique Mang, Muriel Hurtis og Sylviane Félix kom ho inn til bronse. Derimot rauk ho ut i semifinalane både på 100 meter og 200 meter.

Under verdsmeisterskapen i Helsinki i 2005 vann Arron bronsemedaljen på både 100 og 200 meter. Etter å ha stått over EM 2006 på grunn av skade, deltok ho i Osaka-VM i 2007 der ho enda på sjetteplass på 100 meter. Under Sommar-OL 2008 kom ho ikkje lengre enn til kvartfinalane på 100-meteren. I 2010 vann Arron seg ein sølvmedalje med det franske laget på den korte stafetten i EM i Barcelona. Ho kvalifiserte seg også til finalen på 100 m, og enda sist.

Arron la opp etter 2012-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1997 i Aten: Bronsemedalje på 4 x 100 m stafett, nr 4 på 100 m – 11,05
  • EM 1998 i Budapest: Gullmedaljar på 100 m – 10,73, og på 4 x 100 m stafett
  • VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje på 4 x 100 m stafett, nr 6 på 100 m – 10,97
  • OL 2000 i Sydney: Nr 4 i stafett, utslått i semifinalane på 100 m (nr 14 – 11,42)
  • VM i 2003 i Paris: Gullmedalje på 4 x 100 m stafett, nr 6 på 100 m – 11,06
  • OL 2004 i Aten: Bronsemedalje på 4 x 100 m stafett. Utslått i semifinalane på 100 m (nr 10 - 11,21) og 200 m (nr 14 - 23,05)
  • VM i 2005 i Helsinki: Bronsemedaljar på 100 m – 10,98, og 200 m – 22,31
  • VM 2007 i Osaka: Nr 6 på 100 m – 11,08
  • OL 2008 i Beijing: Utslått i kvartfinalane på 100 m (11,36)
  • EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje på 4 x 100 m stafett. Nr 8 på 100 m – 11,37
  • EM 2012 i Helsinki: Nr 5 på stafetten. Utslått i forsøket på 100 m (11,55)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]