Christine Goitschel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christine Goitschel
Christine and Marielle Goitschel 1964.jpg
Fødd 9. juni 1944
Sainte-Maxime
Yrke alpinist
Christine Goitschel på Commons

Christine Goitschel, gift Beranger, (fødd 9. juni 1944) er ein fransk tidlegare alpinist frå Sainte-Maxime i departementet Var som vart olympisk meister i slalåm i 1964. Marielle Goitschel er hennar yngre syster.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Christine Goitschel vart nummer åtte i storslalåm då VM i alpine greiner 1962 vart arrangert i Chamonix i hennar heimland. To år seinare vann ho gullmedaljen i slalåm under dei olympiske vinterleikane i Innsbruck, systera Marielle tok sølvmedaljen. To dagar etter var rollene omsnudd, då sigra Marielle, medan Christine kom på andreplass saman med Jean Saubert frå USA.

Christine Goitschel vann eitt renn i verdscupen i alpine greiner, storslalåmrennet i Franconia i New Hampshire 11. mars 1967. Ho vart skadd tidleg i OL-sesongen 1968 og la då bort konkurranseskia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]