Christine Hope

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christine Hope
Fødd4. mars 1971 (53 år)
FødestadBergen
Verka somskodespelar, komikar
EktefelleEduardo Andersen
PrisarKomiprisen 2007

Christine Hope (fødd 4. mars 1971) er ein norsk komikar og skodespelar.

Hope er fødd i Bergen, men oppvaksen på Stord.[1] Ho fekk sitt gjennombrot i 2003 i samband med humorserien Frittgående HopaTV 2. Serien gjekk fleire gonger i reprise, blant anna på TV 2 Zebra.[2] Ho har sidan medverka i revyforestillingane som «I gode og galne dagar» (saman med Dag Schreiner) (2011), «Hope/Breivik tur retur» (saman med Ina Breivik) (2009), og «Herborg og Hope» (saman med Herborg Kråkevik) (2006).[3] Ho har òg gjort nokre soloshow.

Hope har òg spelt i komediar, som blant anna Den stundesløseDen Nationale Scene, i TV-seriar som Verdens beste SFONRK Super (2010-2011) og dramaserien Schmokk (NRK) (2011).[4][5] I 2014, 2015, 2017, 2019 og 2021 var ho programleiar i Symesterskapet på NRK. Ho hadde stemma til Elfie i den animerte TV-serien Vennebyen (2009) og til nyhende-opplesaren i animasjonsfilmen Månelyst i Flåklypa (2018)[6]

Hope vart kåra til «Årets kvinnelege scenekomikar» under Komiprisen 2017 for oppsetjinga «Hope, skulder, kne og tå».

Familie[endre | endre wikiteksten]

Hope gifta seg i 2003 med musikaren Eduardo Andersen (betre kjent under namnet Doddo).[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Christine Hope kjem heim Arkivert 2016-10-10 ved Wayback Machine., sunnhordland.no, 5. desember 2014.
  2. Frydefulle spark fra Hope, TV2.no, 28. desember 2005.
  3. Farse i full fart, Dagbladet.no, 9. februar 2011.
  4. Verdens beste SFO Arkivert 2016-10-10 ved Wayback Machine., christinehope.no, 2010.
  5. TV-anmeldelse: «Schmokk» (NRK) - Sukk og singelliv, NRK.no, 19. september 2011.
  6. Christine Hope CV,christinehope.no, 10. oktober 2016.
  7. «Christine + Doddo = sant» (på norsk bokmål). 2003. Henta 4. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]