Christl Haas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christl Haas

Statsborgarskap Austerrike
Fødd 19. september 1943
Kitbuhel
Død

8. juli 2001 (57 år)
Manavgat

Yrke alpinist
Språk tysk
Christl Haas på Commons

Christl Haas (19. september 19438. juli 2001) var ein austerriksk alpinist frå Kitzbühel som vart verdsmeister i utfor i 1962 og olympisk meister i same øvinga i 1964.

Haas var heilt suveren då ho under VM i alpine greiner 1962 i Chamonix tok gullmedaljen i utfor-tevlinga, over tre sekundar framom sølvmedaljør Pia Riva frå Italia. To år seinare vann Haas den olympiske gullmedaljen i same øvinga under Vinter-OL i Innsbruck, der ho også vart nummer fire i storslalåm og kom på sjetteplass i slalåm. Til saman gav desse plasseringane henne VM-sølv i kombinasjonen, ei grein som baserte seg på resultata i OL-øvingane. Einast Marielle Goitschel frå Frankrike var betre enn Haas av dei kvinnelege alpinistane under Innsbruck-leikane i 1964.

Under VM i alpine greiner 1966 i Portillo i Chile vart ho nummer fem i utfor-tevlinga. I 1968 fekk Haas si tredje utformedalje då ho i Vinter-OL 1968 i Grenoble fekk ein bronse, slått av landskvinna Olga Pall og franske Isabelle Mir.

I tida 1961-68 vart Haas austerriksk meister åtte gonger: 3 gongar i utfor, 1 i slalåm, 1 i storslalåm og 3 i kombinasjonen.

På ein ferietur til Manavgat i Tyrkia drukna Christl Haas under bading i Middelhavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar