Christmas is Coming

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skilt med melding om at jula kjem - «Christmas is Coming».

Christmas is Coming er eit engelsk barnerim og julesong som kan ha ulike melodiar.

Rimet har følgjande tekst:

Christmas is coming, the geese are getting fat (alternativt the goose is getting fat)
Please put a penny in the old man's hat (alternativt please to put eller please do put)
If you haven't got a penny, a ha'penny will do
If you haven't got a ha'penny, then God bless you!

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Teksten har ukjend opphav. Han blei gjeven ut i Bye-Gones i 1882, eit tidsskrift knytt til Wales og nærområda. Han blei også publisert i boka Shropshire Folklore året etter, der han skal ha blitt samla inn i Oswestry. Omtalen av gås som julemåltid peiker på eit opphav frå georgiansk tid eller viktoriatida, då dette blei vanleg.[1] Songen blei nedteikna som del av eit rim knytt til Guy Fawkes- eller bonfire night den 5. november i Oldham ved Manchester i 1945.[2]

Oppfordringa om å gje småpengar i ein hatt gjer at songen blir knytt til almissegjeving, som også er vanleg rundt juletider. Ifølgje songomtalen til The Kingston Trio blir songen ofte framført medan ein sender ein hatt rundt for å ta imot pengegåver.[3]

Melodi[endre | endre wikiteksten]

Songen kan framførast til mange ulike melodiar. Han kan også syngast som kanon. Han kan syngast til ein tradisjonell melodi som er ein variant av den engelske dansemelodien kjend som «Country Gardens».[4] Det finst også melodiar komponert av forfattaren Edith Nesbit,[1][5] Henry Walford Davies og Nick Reynolds.[6]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

The Kingston Trio spelte inn songen som ein kanon med tittelen «A Round About Christmas» til julealbumet The Last Month of the Year frå 1960.[1][7] Harry Belafonte gav ut ein versjon på sitt julealbum To Wish You a Merry Christmas frå 1962. For fjernsynsprogrammet Muppetshow og det tilhøyrande albumet John Denver and the Muppets: A Christmas Together frå 1979 blei det laga ein calypsoaktig versjon.

Inspirasjon[endre | endre wikiteksten]

Teksten har vore utgangspunkt eller inspirasjon for nye versjonar og songar, som Christmas in the Old Man's Hat av Noel Mcloughlin og Christmas Is a-Comin', skriven av Frank Luther og framført av Bing Crosby.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Origins: Christmas is Coming [revised, updated 11-12-14]», TreasuryIslands, 13. desember 2012, arkivert frå originalen 14. desember 2017, henta 13. desember 2017 
  2. «A Guy Fawkes Rhyme», Journal of the English Folk Dance and Song Society (English Folk Dance + Song Society) 4: 258, 1945 
  3. The Last Month of the Year (Capitol T/ST-1446) LINER NOTES, lazyka.com, arkivert frå originalen 25. september 2018, henta 20. desember 2017 
  4. Christmas is coming, Singing Together, Autumn 1984, BBC Publications 
  5. «CHRISTMAS IS COMING lyrics ***». www.carols.org.uk. Henta 13. desember 2017. 
  6. William E Studwell; Frank Hoffmann; B Lee Cooper (2012), The Christmas Carol Reader, Routledge, s. 141 
  7. «Christmas Is Coming – Nursery Rhymes». allnurseryrhymes.com. Henta 13. desember 2017.