Christoffer Hannevig den yngre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christoffer Hannevig den yngre
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. september 1884
Død

11. juni 1950 (65 år)

Yrke forretningsdrivande, bankier
Far Christoffer Hannevig

Christoffer Hannevig (2. september 188411. juni 1950) var ein norsk skipsreiar, skipsmeklar, verftseigar og finansspekulant. Frå 1915 bygde han i løpet av få år eit forretningsimperium i Noreg og USA, basert på skipsfart. Han fekk store økonomiske vanskar då krigskonjunkturen slutta i 1918. Faren Christoffer Hannevig var skipsreiar frå Borre i Vestfold.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Hannevig tok handelsutdanning ved Otto Treiders Handelsskole i Kristiania, og gjekk så to år i lære hos skipsmeklarfirmaet Andorsen & Becker i London. I 1908 tok Hannevig til som skipsmeklar i Kristiania. Saman med to brør starta han i 1914 skipsmeklarfirmaet Hannevig Brothers, med kontor både i Kristiania og London. Verksemda omfatta også handel og skipsreiarlag.

Med utbrotet av 1. verdskrigen sommaren 1914 kom eit stort behov for sjøtransport. Som nøytralt land med stor handelsflåte hadde norske reiarar ein eineståande posisjon til å ta på seg lukrative transportoppdrag. Med utgangspunkt i shippingmiljøet vart drive utstrakt aksjespekulering, såkalla jobbing. I 1915 etablerte Hannevig aksjeselskapet Transatlantic Motor Ship Company, eit selskap som satsa på å motorisere seglskip i amerikafart. Då selskapet runda eitt år hadde det opparbeidd ei avkasting på 85%.

Store tap av handelsskip i sjøkrigen mellom Storbritannia og Tyskland danna eit stort behov for utvida transportkapasitet. I juni 1915 vart firmaet Hannevig & Johnsen etablert i New York. Firmaet handla byggjekontraktar med amerikanske verft, for å utnytte kapasiteten i amerikansk verftsindustri til å byggje nye handelsskip. Dei europeiske verfta prioriterte bygging av krigsskip.

Ved å skaffe seg aksjemajoriteten til verftet The Pusey & Jones Company ved Wilmington i Delaware kom Hannevig i posisjon til å byggje fleire skip. Verftet vart utvida og modernisert for å møte etterspørselen etter større skip og behovet for kortare byggetid. Gjennom firmaet The Pennsylvania Shipbuilding Company bygde Hannevig eit nytt verft i Gloucester City i New Jersey. Endå eit verft vart grunnlagt, også det i New Jersey. Oppbygginga av verfta vart leia av den norske skipsingeniøren Henry B. Lysholm.

I 1916 stifta Hannevig ei rekke reiarlag i Noreg, og etablerte skipsmeklarfirma Christoffer Hannevig Inc. i USA. To år seinare skipa han banken Hannevigs Bankog kort tid etter, to sjøforsikringsselskap, alle desse i USA.

Kongressen i USA vedtok i 1916 The Shipping Act, ei lov som oppretta det statlege organet The U.S. Shipping Board. Organet skulle overvake skipsindustrien og tildele konsesjonar til bygging av skip. Hausten 1917 tok Shipping Board over eigedomsretten til alle utanlandskeigde nybygg. Dermed var vilkåra for Hannevigs forretningar i USA grunnleggjande endra.

Hannevig forhandla med The Shipping Board og andre styresmakter i USA, for å sikre interessene til selskapa. Partane var usamde om kompensasjon for den tapte eigedomsretten over nybygga. The Shipping Board skaffa seg etter kvart kontrollen over dei tre Hannevig-verfta i USA. Frå april 1918 var det i realiteten statsorganet som styrte verfta.

Slutten av 1. verdskrig i november 1918 førte til kraftig fall i aktiviteten på alle område Hannevig dreiv forretning. Lågare etterspørsel etter skip og transport, samt vanskelegare tider for finansnæringa bidrog til at Hannevig mangla pengar til å dekke kostnadene. Eit forsøk på å selje skipsverfta i USA vart stansa av The Shipping Board. I februar 1921 gjekk både Hannevigs bank i USA og Hannevig sjølv konkurs. Konkursane i USA fekk fylgjer for verksemda til Hannevig i Noreg. I juni 1921 vart det opna konkursforhandlingar også i Noreg. Hannevigs viktigaste bank i Noreg, Den Norske Handelsbanken, fekk økonomiske vanskar hausten 1924, noko som forverra den økonomiske stoda til Hannevig.

Hannevig-saka[endre | endre wikiteksten]

Spørsmålet om eigedomsrett/kompensasjon over næringsverdiane, den såkalla Hannevig-saka, kom fleire gongar opp i rettsforhandlingar, og utløyste diplomatisk verksemd frå norsk side. I 1922 kom saka opp i den internasjonale valdgiftsdomstolen i Haag, men USA aksepterte ikkje rettsavgjerda. Norske styresmakter gjorde krav om skjønsvederlag. Midt på 1920-talet kom Hannevig-saka til handsaming i Stortinget, og i 1937 fremja Norge eit offisielt erstatningskrav mot USA, pålydande 69 millionar dollar. Kravet vart avvist.

I 1947 starta den norske regjeringa på ny ein prosess for å få behandla kravet om kompensasjon for tapte eigedomsrettar med US-amerikanske styresmakter. Etter ein innleiande prosess kom forhandlingane i gang i 1950, same året Hannevig døydde i New York. I april 1959 avviste valdgiftsdomstolen Court of Claims i USA samtlege krav om erstatning. To månader seinare valde den norske regjeringa å godta dommen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]