Christoffer Torris Olsen
| Christoffer Torris Olsen | |||
| | |||
| Fødd | 16. juni 1986 (40 år) Oslo | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Venstre | ||
| Yrke | politikar | ||
Christoffer Torris Olsen (fødd 16. juni 1986) er ein norsk politikar for Venstre. Han var Venstre sin førstekandidat og blei vald inn i Frogner bydelsutval for perioden 2011–2015. Olsen er generalsekretær i foreningen Digitalt personvern.
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Christoffer gjekk fyrst på Oslo Montessoriskole. Vidare gjekk han på musikklina på Manglerud vidaregåande skule, og han spelar bass. Der var han ansvarleg for Manglerudrevyen i 2003 og 2004.
Organisasjonsliv
[endre | endre wikiteksten]Christoffer Torris Olsen var styremedlem i Oslo Unge Venstre frå 2005, og nestleiar i fylkeslaget frå 2007. Han var landsstyremedlem i ungdomspartiet frå 2006. Han var nestleiar i Norges Unge Venstre for perioden 2008–2009. Han har òg vore nestleiar i Frogner/Majorstuen Venstre.
Christoffer Olsen var òg medlem av landsstyret i Forbundet Unge Forskere frå februar 2003 til februar 2005.