Christophe Tarkos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christophe Tarkos
Christophe Tarkos.jpg
Fødd 15. september 1963
Marseille
Død

30. november 2004 (41 år)
Paris

Yrke koreograf, lyrikar
Språk fransk

Christophe Tarkos (fødd 1963 i Marseille, død 30. november 2004) var ein fransk poet.

Tarkos redigerte fleire franske tidsskrift, mellom anna Poèzie Prolétèr (saman med Katalin Molnár), FACIAL (med Charles Pennequin og Vincent Tholomé), og Quaderno (med Philippe Beck).

Tarkos var blant deltakarane på Bergen Poesifest i november 2000. Diktsamlinga Kasser kom på norsk i 2011 (Det Norske Samlaget), omsett av Gunnhild Øyehaug og Cathrine Strøm og med etterord av den svenske poeten Ulf Karl Olov Nilsson. På svensk finst samlinga Jag kammar mig, i omsetjing og utval ved Kristoffer Leandoer (Pequod Press, 2000).

Han er gravlagd på Cimetière de Montparnasse i Paris.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • L'oiseau vole (1995)
  • Morceaux choisis (1995)
  • oui (1996)
  • Processe (1997)
  • le baton (1998)
  • Caisses (1998)
  • La Valeur Sublime (1998)
  • L'argent (1999)
  • Le signe = (1999)
  • La Cage (libretto, 1999)
  • PAN (2000)
  • Ma langue (2000)
  • Anachronisme (2001)
  • Écrits poétiques, red. Katalin Molnár og Valérie Tarkos, (2008)