Christopher Benedict Bøgh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christopher Benedict Bøgh
Fødd 29. januar 1773
Kerteminde
Død

5. november 1825
Voss

Christopher Benedict Bøgh (29. januar 17735. november 1825) var ein norsk sorenskrivar og stortingsrepresentant frå Søndre Bergenhus amt. Han var fødd i Kerteminde på Fyn. I 1798 vart han cand.jur. og fekk året etter stilling som kopist i rentekammeret.

Han flytta til Noreg og i 1804 vart han utnemnt til fut i Nordhordaland og Voss, i 1816 sorenskriver i Nordhordaland.

Bøgh var Søndre Bergenhuus amt sitt førsterepresentant til Stortinget i 1815–1817 og 1818–1820. Han budde i Bergen, men utanfor valdistriktet. Valet i 1815 vart likevel godkjent med 57 mot 26 stemmar. I 1818 vart valet forkasta med 52 mot 19 stemmar.

Saman med mellom anna Johan Andreas Budtz, Georg Jacob Bull, Wilhelm F. K. Christie, Edvard Hagerup, Peter Motzfeldt, Jonas Rein og Lyder Sagen var han med i herreklubben Quodlibet i Bergen.

Bøgh døydde på Voss under ei tingferd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.