Christopher Codrington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christopher Codrington

Statsborgarskap Kongeriket England, Kongeriket Storbritannia
Fødd 1668
Barbados
Død

7. april 1710 (41 år)

Yrke soldat, politikar, slavehandler, plantasjeeier
Far Christopher Codrington

Christopher Codrington (fødd 1669 på Barbados, død 7. april 1710) var ein britisk soldat, bibliofil og koloni-guvernør. Faren hans, som òg heitte Christopher Codrington, var kaptein-general på Leewardøyane.

Codrington vart utdanna ved Christ Church i Oxford, der han vart vald ut som medlem av All Soul. Deretter tenestegjorde han med dei britiske styrkane som var utstasjonerte i Flandern på denne tida. I 1695 vart han utnemnd til kaptein. Same året følgde han med kong Vilhelm III på besøka hans til Oxford, og i mangel på ein offentlege talar, vart han vald til å halde talen ved University of Oxford.

I 1697, same året som faren hans døydde, vart han utnemnd til kaptein-general og øvstkommanderande for Leewardøyane. I 1703 leia han ein mislukka britisk angrep mot den franske kolonien Guadeloupe. Etter dette sa han opp stillinga si som guvernør. Han heldt seg resten av livet sitt som pensjonist på eigedomane sine på Barbados og Barbuda.

Han grunnla byen Codrington saman med familien sin på 1600-talet. Byen ligg på øya Barbuda som er ein del av dei karibiske øystaten Antigua og Barbuda. I 1741 var byen åstad for éit stort slaveopprør. Opprøret skuldast den dårlege handsaminga til den kvite folkesetnaden av dei svarte slavane. Slavane stakk av frå arbeidet sitt og gjorde blant anna mykje skade på eigedomane til familien Codrington i Karibia.

Codrington College, som vart kalla opp etter han, vart bygd mellom 1714 og 1742. Codrington testamenterte 6000 pundt til å betale for bygginga av eit av biblioteka til denne skulen, med ei ytterlegare gåve på 4000 pund som skulle leggjast ut for bøkene til dette biblioteket. Samstundes skulle samlinga hans på litt over 10 000 bøker òg donerast til dette biblioteket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]