Christopher Franke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christopher Franke

Fødd6. april 1953 (70 år)
FødestadBerlin
FødenamnChristopher Franke
OpphavBerlin i Tyskland
SjangerElektronisk musikk
InstrumentTrommer, klaverinstrument, synthesizerar
Tilknytte artistarTangerine Dream
PlateselskapPrivate Music
Verka somMusikar, låtskrivar

Christopher Franke (fødd 6. april 1953) er ein tysk musikar og komponist. Frå 1971 til 1988 var han medlem av electronicabandet Tangerine Dream. Han var først trommeslagar i The Agitation, seinare kalla Agitation Free, før han gjekk over til å hovudsakleg spele klaverinstrument og synthesizerar etter kvart som gruppa gjekk bort frå opphavet med psykedelisk rock. Han var truleg ikkje den første musikaren til å nytte ein analog sekvenser, men var truleg den første til å nytte eit slikt instrumentet på scene under ein konsert, og la rytmegrunnlaget for klassiske musikkstykke av Tangerine Dream og heile Berlin-skulen.

Etter at han slutta i gruppa starta han plateselskapet Sonic Images som baserer seg på New Age-musikk. Han har laga fleire soloalbum og mykje filmmusikk.

Solodiskografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]