Christopher Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christopher Hill
Fødd6. februar 1912
York
Død23. februar 2003
Oxfordshire
NasjonalitetStorbritannia
Områdehistorie
Yrkehistorikar
InstitusjonarUniversity of Oxford
Cardiff University
Alma materBalliol College
St Peter's School, York
MedlemAkademie der Wissenschaften der DDR
American Academy of Arts and Sciences
Det ungarske vitskapsakademiet

John Edward Christopher Hill, (6. februar 191223. februar 2003) var ein britisk historikar og forfattar av mange lærebøker.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Hill var fødd i York, der faren var sakførar. I 1932 tok Hill til å studere ved Balliol College i Oxford. I studietida vart han overbevist marxist og melde seg inn i kommunistpartiet, British Communist Party. 1935 oppheldt han seg eit år i Moskva. Heimkomen derifrå, fekk han forskarstilling ved Balliol og underviste i moderne historie.

Etter utbrotet av 2. verdskrigen melde Hill seg til teneste i den britiske hæren, tenestegjorde i nærområda til Oxford og London. Kring denne tid byrja han å publisere artiklar og større arbeid om engelsk 1600-talshistorie.

I 1946 danna Hill og andre marxistiske historikarar Communist Party Histiorians Group. Tidleg vart han misnøgd med mangelen på demokrati i kommunistpartiet, og etter den sovjetiske invasjonen av Ungarn i 1956 melde han seg ut.

Frå midt på 1950-talet fekk Hill stor merksemd for sine verk om 1600-talets England. Meir enn eigne studiar i arkiv, baserte han arbeida sine på studiar føretekne av andre forskarar. Dette hindra ikkje at han hausta mykje lovord. Mellom bøkene som nådde eit større publikom var Puritanism and Revolution (1958), Intellectual Origins of the English Revolution (1965, revidert 1996) og The Century of Revolution (1961), og fleire andre.

Hill var rektor på Balliol i tida 1965-78, då han trekte seg tilbake.

Analysane til Hill og andre sosialhistorikarar vart imøtegått då den såkalla revisjonismen slo inn på 1980- og 90-talet. Marxistisk historieforståing vart avvist, i staden kom detaljerte studiar kring konstitusjonelle, politiske, kulturelle og intellektuelle tilhøve i England i tidsperioden 1600-50.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]