Christopher Isherwood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christopher Isherwood

Statsborgarskap Storbritannia, USA
Fødd 26. august 1904
Cheshire
Død

4. januar 1986 (81 år)
Santa Monica

Yrke skribent, manusforfattar, romanforfattar, universitetslærar, sjølvbiograf, skodespelforfattar
Språk engelsk
Medlem av American Academy of Arts and Letters
Religion Hinduismen
Far Francis Edward Bradshaw-Isherwood
Mor Kathleen Bradshaw-Isherwood
Partnar Don Bachardy
Christopher Isherwood på Commons

Christopher William Bradshaw Isherwood (26. august 19044. januar 1986) var ein britisk-amerikansk forfattar, fødd i High Lane ved Stockport i Cheshire og død i Santa Monica i California i USA.

Isherwood vann stort ry med romanen Mr. Norris Changes Trains frå 1935 og Goodbye to Berlin (Farvel til Berlin), begge med person- og miljøskildringar av Berlin under Weimar-republikken. Den siste boka var grunnlag for eit teaterstykke og filmatisert, mellom anna som musikalen Cabaret, også oppført på Oslo Nye Teater.

Isherwood budde i Berlin 1930-33. I 1939 flytta både han og W.H. Auden til USA, begge homofile, der Isherwood mellom anna arbeidde for filmindustrien. «[M]eget av Isherwoods forfatterskap [er] preget av reportasje og selvbiografi og en skarp iakttagelsesevne»[1].

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Store Norske leksikon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Store Norske Leksikon 6:344.