Christopher Lambert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christopher Lambert
Christopher Lambert - 66ème Festival de Venise (Mostra).jpg
Fødd 29. mars 1957
Great Neck
Christopher Lambert på Commons

Christopher Lambert (fødd 29. mars 1957) er ein amerikanskfødd fransk skodespelar som fekk sitt store gjennombrot i 1986 som hovudrolleinnehavar i den britisk-amerikanske kultfilmen Highlander og dens oppfølgjarar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lambert vart fødd i New York der faren var fransk diplomat for FN. Då han var to år flytta familien til Genève i Sveits og budde der fram til familien flytta tilbake til Paris då han var 16 år.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Lambert filmdebuterte i 1979 med ei lita birolle i den franske filmen Ciao, les mecs. I begynninga av 1980-talet medvirka han i ein del relativt ukjende franske filmar før han i 1984 fekk hovudrolla som Tarzan i den britiske eventyrfilmen Greystoke: Legenden om Tarzan, apenes konge. Året etter hadde han ei sentral rolle i den franske dramathrilleren Subway før han i 1986 vekte stor oppsikt i rolla som Connor MacLeod i den britisk-amerikanske fantasy-filmen Highlander. Han hadde òg same rolle i to oppfølgjarar på 1990-talet og i TV-serien.

Lambert blei i 1986 tildelt César du cinéma for sine prestasjonar i Subway.

Personlege tilhøve[endre | endre wikiteksten]

Lambert var gift med Diane Lane frå 1988 til 1994 og fekk ei dotter med henne (f. 1993). Han var gift med Jaimyse Haft frå 1999 til 2000 og med Sophie Marceau frå 2012 til 2014.

Han er rekna som ein nær ven av Mario Van Peebles og Sean Connery.