Chubasco
Ein chubasco er eit kraftig vindstøyt i samband med torevêr som ein får under regntida langs stillehavskysten av Mexico, Mellom-Amerika og Sør-Amerika. Namnet vert òg nytta når ein får regn i samband med kraftig vind i spansktalande land.
Ordet «chubasco» kjem frå det portugisiske ordet chuva, som tyder regn.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Chubasco» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- http://ggweather.com/winds.html