Chuck Panozzo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chuck Panozzo
Chuck Panozzo Styx Interlochen.jpg
Fødd20. september 1948 (72 år)
FødestadChicago
FødenamnCharles Salvatore Panozzo
OpphavChicago
AktivSidan 1956
SjangerHardrock, progressiv rock
InstrumentBass, vokal, gitar, piano
Tilknytte artistarStyx
Verka somMusikar, bassist

Charles Salvatore «Chuck» Panozzo (fødd 20. september 1948) er ein USA-amerikansk musikar, mest kjend som bassist i rockebandet Styx. Han har vore langvarig medlem av Styx og var med å skipe gruppa i lag med tvillingbroren, trommeslagaren John Panozzo, som døydde i juli 1996, og songaren og klaverspelaren Dennis DeYoung. Han turnerte berre med gruppa på deltid frå 1999 til 2003, men er i dag fast medlem av Styx.

Chuck Panozzo har vore opent homofil sidan 2001, same året han annonserte at han levde med HIV,[1] og han har vore involvert i kampanjar for å rette merksemd mot AIDS og homofile rettar. I 2006 gav han ut sjølvbiografien The Grand Illusion: Love, Lies, and My Life With Styx.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. White, Dave. «The Grand Illusion – Love, Lies, and My Life with Styx». About.com. Henta 3. juni 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]