Chugoku

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chugoku i Japan.

Chugoku (japansk 中国地方, Chūgoku-chihō, Chugokuregionen) er ein japansk region som ligg sentralt i den vestlege delen av den japanske hovudøya Honshu. Regionen omfattar prefektura Hiroshima, Okayama, Shimane, Tottori og Yamaguchi, og har eit folketal på 7,8 millionar. Den største byen i regionen er Hiroshima.

Området er prega av åsar og småsletter og er delt i to av ein fjellkjede som går frå aust til vest gjennom midten. I nord har han kyst mot Japanhavet og i sør mot Setosjøen mellom tre japanske hovudøyar.

Industriar i Chugoku er mellom anna bil-, stål- og elektronikkproduksjon og kjemisk industri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]