Chungking Mansions
Chungking Mansions | |||
![]() | |||
Adresse | 36–44 Nathan Road, Tsim Sha Tsui, Hong Kong | ||
---|---|---|---|
Opna | 1961 | ||
Etasjar | 17 etasjar i 5 blokker | ||
![]() Chungking Mansions 22°17′47″N 114°10′22″E / 22.296388888889°N 114.17277777778°E |
Chungking Mansions er ein bygning som ligg i 36-44 Nathan Road i bydelen Tsim Sha Tsui i Kowloon i Hongkong. Bygningen er kjend for å tilby nokre av dei billegaste alternativa for overnatting i Hongkong. Bygningen er i utgangspunktet eit bustadskompleks, men inneheld mange små gjestehus som tilbyr billeg overnatting, i tillegg til butikkar, etestader og andre tenester. Den uvanlege atmosfæren i bygningen er blitt samanlikna med den til den tidlegare Kowloon Walled City.[1]
Folk av ulike etniske opphav held til eller treffer kvarandre her, særleg folk som stammar frå Sør-Asia, Midtausten og delar av Afrika som Nigeria.[2] Det blir drive kjøp og sal av ymse elektronikk, som mobiltelefonar og datamaskiner, klede og krydder her.
I kulturen
[endre | endre wikiteksten]Chungking Mansions inspirerte tittelen og miljøet i filmen Chungking Express (1994) av Wong Kar-wai. Wong voks opp i bydelen, og såg på Chungking Mansions som ein metafor for heile Honkong.[3]
I krimromanen 9 Dragons av Michael Connelly dreg detektiven Harry Bosch frå Los Angeles til Kowloon i Hongkong på leite etter ei forsvunnen dotter. Chungking Mansions er skildra av ein perosn i romanen som eir «postmoderne Casablanca i éin bygning.»[4]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Luftfotografi av Chungking Mansions med farga tak for dei ulike byngingselane: A—raud, B—grøn, C—lilla, D—blå, E—gul. Nathan Road er på andre sida til høgre.]]
-
Framsida av Chungking Mansions.
-
Handlearkade i Chungking Mansions.
-
Chungking Mansions om kvelden.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Teh, Yvonne, «The World of Chungking Mansions», BC Magazine, arkivert frå originalen 13. juni 2010, henta 22. oktober 2009
- ↑ «China, hip-hop and the new Sudan». CNN. 4. februar 2011. Henta 4. februar 2011.
- ↑ J.D. Lafrance, 'Cinematic Pleasures: Chungking Express', Erasing Clouds 23 (2004)
- ↑ Christopher Shay (10. november 2009). «U.S. Crime Writer Tackles a Real Hong Kong Cold Case». Time. Hong Kong Tuesday. «post-modern Casablanca—all in one building»
- Denne artikkelen bygger på «Chungking Mansions» frå Wikipedia på engelsk, den 11. oktober 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Chungking Mansions Arkivert 2011-07-21 ved Wayback Machine.