Churchill i Manitoba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Churchill
Town of Churchill aerial view.JPG
Land Flag of Canada (Pantone).svg Canada
Del av Northern Region

Churchill i Manitoba
58°46′9″ N 94°10′9″ W
Wikimedia Commons: Churchill, Manitoba

Churchill (inuktitut ᑯᒡᔪᐊᖅ, Kuugjuaq)[1] er ein by i det nordlege Manitoba i Canada, på vestkysten av Hudsonbukta, rundt 110 kilometer frå grensa mot Nunavut. Byen er kjend for dei mange isbjørnane som flyttar seg ned til kysten frå innlandet om hausten, noko som har gjeve han kallenamnet «Polar Bear Capital of the World» ('Verdas isbjørnhovudstad'), og som har hjelpt turistnæringa å veksa.[2] Byen hadde 899 innbyggarar i 2016.[3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Churchill ligg ved Hudsonbukta, like ved munningen av Churchillelva. Byen ligg langt unna andre byar, med Thompson som den næraste større byen, rundt 400 km unna. Provinshovudstaden i Manitoba, Winnipeg, ligg rundt 1000 km sør for Churchill. 40 km aust for byen ligg Wapusk nasjonalpark.

Klima og natur[endre | endre wikiteksten]

Ein vaksen isbjørn med isbjørnungar ved Churchill.

Churchill har eit subarktisk klima, med svært lange, kalde vintrar og kjølige/milde somrar.[4] På grunn av plasseringa si ved Hudsonbukta får klimaet i Churchill ein modererande effekt frå vatnet om sommaren på grunn av at vatnet blir varma opp og avkjølt saktare enn på land. Om vinteren derimot, frys Hudsonbukta, noko som fører til mindre modererande effekt frå vatnet enn det er om sommaren. Dette fører til at Churchill har kaldare vintrar enn andre stader langs same breiddegrad.[5] Byen har ein gjennomsnittstemperatur på −26,0 °C i januar og ein gjennomsnittstemperatur på 12,7 °C i juli.[6]

Plasseringa ved Hudsonbukta i eit område der tundra og boreal barskog møtest, fører til at Churchill har eit rikt dyre- og planteliv.[5][7] I området rundt Churchill er det blitt funne meir enn 270 fugleartar, og over 100 ulike fugleartar, mellom dei tjuvjo, tundrasporv, styltesnipe og gransporv, hekkar der.[8] Det finst òg pattedyr som karibu, polarhare, fjellrev, kvitkval og fleire ulike selartar rundt Churchill.[5] Over 3000 kvitkvalar held til i det varme estuaret ved munningen av Churchillelva om sommaren.[7] Byen er kjend for dei mange isbjørnane som trekker ned til kysten om hausten, vanlegvis i løpet av oktober og november, noko som har gjeve han kallenamnet «Polar Bear Capital of the World» («Isbjørnhovudstaden i verda»).[2] I denne perioden kjem over 1000 isbjørnar til Hudsonbukta for å jakta på ringselar. Det er anslått at rundt 10 000 turistar årleg kjem til Churchill i løpet av isbjørnsesongen.[9]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området der Churchill ligg var opphavleg folkesett av ulike urfolk, som dene- og creefolk.[10] Dei fyrste europearane kom til området i 1619, då ein dansk ekspedisjon leia av Jens Munk overvintra i nærleiken av staden Churchill kom til å ligga. Berre tre av dei 64 ekspedisjonsmedlemmene overlevde vinteren, og segla tilbake til Danmark i skipet «Lamprenen», det eine av dei to skipa til ekspedisjonen.[11] I 1964 fann danske arkeologar restane etter det etterlatne skipet, fregatten «Enhjørningen», på mudderflatene nokre kilometer frå munningen av Churchillelva.[12]

Delvis rekonstruerte ruinar av Fort Churchill (Prince of Wales Fort).

I 1717 bygde Hudson's Bay Company den første permanente busetjinga i området, Churchill River Post, nokre kilometer oppover Churchillelva. Den opphavlege busetjinga i området som blei bygt av Hudson's Bay Companys, pelshandelsposten Fort Churchill, blei bygd der i 1688, men brente ned i 1689. Staden er kalla opp etter John Churchill, 1. hertug av Marlborough, som var guvernør for Hudson's Bay Company i perioden 1685–1691.[13] I 1719 blei fortet døypt om til Prince of Wales Fort. Bygginga av eit nytt fort i stein ved munningen av Churchillelva byrja i 1731.[14] I august 1782 blei fortet teke av franske styrkar under leiing av La Pérouse. Engelskmennene på fortet var i mindretal, og overgav seg raskt til dei franske styrkane. Samuel Hearne, guvernøren ved fortet, og mennene hans blei tatt til fange, men blei umiddelbart lauslatne og segla tilbake til England. Året etter drog Hearne tilbake og oppretta ein ny pelshandelspost nokre kilometer oppover elva.[15]

I 1929 opna Hudson Bay Railways endestasjon i Churchill, og byen byrja å veksa. I 1942, under andre verdskrigen, etablerte United States Army Air Forces ein militærbase åtte kilometer aust for byen, som fekk namnet Fort Churchill. Etter krigen hadde basen fleire formål, mellom anna som eit Strategic Air Command-anlegg.[16] Mellom 1953 og 1957 planla Storbritannia å bruka området rundt Churchill som teststad for kjernefysiske våpen, men dette blei ikkje gjort på grunn av det kalde klimaet på staden, og valet fall seinare på Australia.[17] Etter at militærbasen i Churchill blei stengd i 1960-åra, sokk folketalet som på det meste hadde vore på rundt 4000 innbyggarar. Den tidlegare militærbasen blei fram til 1980-åra nytta til andre formål, mellom anna som forskingsstasjon og rakettskytefelt.[18]

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Statue av ein isbjørn i Churchill. Dei mange isbjørnane som kan bli sett rundt byen om hausten har bidratt til auka turisme i området.
Den vestlege delen av Churchill med jernbanestasjonen.

Ved folketeljinga i 216 hadde Churchill 899 innbyggarar, opp 10,6 % frå 2011, då byen hadde 813 innbyggarar.[3] Ved folketeljinga i 2006 var fleirtalet av innbyggarane i byen (56,41 %) urfolk, for det meste chipewyan- og swampy-creefolk (33,85 %), nokre métisfolk (16,41 %) og nokre få inuittar (5,64 %). Resten, som utgjorde litt under halvparten (44,10 %) av befolkninga var ikkje urfolk.[19]

I Churchill ligg helsesenteret Churchill Health Centre, som høyrer til Winnipeg Regional Health Authority etter å ha blitt slått saman med sistnemnde i 2012.[20] Senteret har over 100 tilsette og tener byen Churchill og nærliggande område i Manitoba og Nunavut.[21]

Dei viktigaste næringane i byen er turisme, spesielt knytt til isbjørnane som held til i området om hausten. Mange turistar kjem òg for å sjå fuglar, kvitkvalar og nordlys.[22]

Transport[endre | endre wikiteksten]

Hamna i Churchill.

Like aust for byen ligg flyplassen Churchill Airport, som har flygingar med flyselskapa Calm Air og Canadian North til Winnipeg og Gillam i Manitoba og Rankin Inlet i Nunavut.[23][24] Flyplassen ligg på den tidlegare amerikanske militærbasen Fort Churchill som blei bygd av United States Army Air Force under andre verdskrigen.[16]

Terminalbygningen på Churchill lufthamn.

Den privateigde hamna Port of Churchill er den viktigaste hamna i Canada langs Nordishavet. Hamna blei bygd av styresmaktene på 1930-talet, sjølv om idéen om ei slik arktisk djupvasshamn hadde vore lagt fram allereie på 1800-talet.[25] Dette er den einaste hamna ved Nordishavet som er forbunde til det nordamerikanske jernbanenettverket. Hamna er i stand til å betena panamax-fartøy.[26] På grunn av is på Hudsonbukta er framkomsten til hamna redusert mellom hausten og sommaren. Port of Churchill har hovudsakleg blitt brukt til å eksportera korn frå Canada til Europa.[27][28]

Churchill har ikkje samband med det kanadiske vegnettverket.[29] Den einaste ruta på land som forbind Churchill med resten av Canada er Hudson Bay Railway, som forbind hamna og jernbanestasjonen i byen med Canadian National Railways jernbanelinje ved The Pas. Winnipeg–Churchill-ruta som blir driven av VIA Rail har passasjertogtilbod frå Churchill Station i sentrum av Churchill til Union Station i sentrum av Winnipeg. Den 1697 km lange togturen tar rundt 40 timar, og har stopp ved fleire andre stader i Manitoba og i naboprovinsen Saskatchewan.[30]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Issenman, Betty (1997). Sinews of Survival: The living legacy of Inuit clothing. UBC Press. s. 252–254. 
  2. 2,0 2,1 Brian Vinh Tien Trinh (27. februar 2014). «Churchill, Manitoba, Canada's Polar Bear Capital, As Seen From Google Streetview». Henta 10. mars 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Census Profile, 2016 Census». Statistics Canada. Henta 10. mars 2020. 
  4. Firlotte, Nicole; Staniforth, Richard J. (1995). Strategies for revegetation of disturbed gravel areas in climate stressed subarctic environments with special reference to Churchill, Manitoba: Canada: a literature review (PDF). Climate Research. s. 49–52. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Churchill, Manitoba». Henta 10. mars 2020. 
  6. «Churchill A». Environment and Climate Change Canada. Henta 10. mars 2020. 
  7. 7,0 7,1 «Things to do». Town of Churchill. Henta 10. mars 2020. 
  8. Kramer, Gary. «Where to Go Birdwatching at Churchill on Hudson Bay, Manitoba, Canada». Henta 10. mars 2020. 
  9. Mulvaney, Kieran (13. februar 2019). «The town where residents live alongside polar bears». Henta 10. mars 2020. 
  10. Selwood, H. John (27. august 2019). «Churchill». The Canadian Encyclopedia. Henta 10. mars 2020. 
  11. Mowat, Farley (1973). Ordeal by ice; the search for the Northwest Passage. Toronto: McClelland and Stewart Ltd. 
  12. Kristiansen, Anette Lillevang. «“Arctic Explorer Jens Munk will always be in my heart”». Henta 10. mars 2020. 
  13. «Churchill». Encyclopædia Britannica. 7. juni 2012. Henta 10. mars 2020. 
  14. «Prince of Wales Fort National Historic Site». Parks Canada. 25. november 2019. Henta 10. mars 2020. 
  15. Smith, Shirlee Anne (13. mars 2018). «Prince of Wales Fort». The Canadian Encyclopedia. Henta 10. mars 2020. 
  16. 16,0 16,1 «Historic Sites of Manitoba: Fort Churchill». Manitoba Historical Society. 15. august 2019. Henta 10. mars 2020. 
  17. Clearwater, John & O'Brien, David (2003). O Lucky Canada. Bulletin of the Atomic Scientists. 
  18. Selwood, H. John (27. august 2019). «Churchill». The Canadian Encyclopedia. Henta 10. mars 2020. 
  19. «2006 Aboriginal Population Profile». Statistics Canada. Henta 10. mars 2020. 
  20. Kusch, Larry (25. april 2012). «Health authorities agree to mergers». Henta 10. mars 2020. 
  21. «About Us». Churchill Health Centre. Henta 10. mars 2020. 
  22. «Things to do». Town of Churchill. Henta 10. mars 2020. 
  23. «Schedule». Calm Air. Arkivert frå originalen 2019-12-25. Henta 10. mars 2020. 
  24. «Flight Schedule». Canadian North. Henta 10. mars 2020. 
  25. Gilmore, Scott (18. august 2016). «How Ottawa abandoned our only Arctic port». Henta 10. mars 2020. 
  26. Cattaneo, Claudia (31. august 2012). «Oil producers eye Arctic backup plan as pipelines face uncertain future». 
  27. «Wheat exports big in Churchill». 30. oktober 2009. Henta 10. mars 2020. 
  28. Robinson, Ashley (22. juli 2019). «Canada's arctic port of Churchill set for its first grain shipments since 2015». Henta 10. mars 2020. 
  29. MacLean, Cameron (24. juni 2017). «'It's about time to build a road to Churchill': Engineer says it's possible». Henta 10. mars 2020. 
  30. «Winnipeg–Churchill». VIA Rail. Henta 10. mars 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Churchill i Manitoba