Chus Pereda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chus Pereda
Statsborgarskap Spania
Fødd 15. juni 1938
Medina de Pomar
Død

27. september 2011
Barcelona

Idrett fotball
Tok del i

EM i fotball 1964

Chus Pereda, fullt namn Jesús María Pereda Ruiz de Temiño, (15. juni 193827. september 2011) var ein spansk fotballspelar som vart europameister med Spania i 1964. Midtbanespelaren/indreløparen vann den spanske cupfinalen i 1963 og 1968 med FC Barcelona, ein klubb han spelte for i tida 1961-69.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Pereda var aktiv i sju spanske fotballag i tida 1956-72. Etter å ha vist seg som ein målkåt angrepsspelar på andredivisjons-laget Indauxtau i to sesongar, fekk han prøve seg i toppserien. Han slo ikkje til på Real Madrid og for fort vidare til Valladolid på nivå to, heller ikkje der vart han verande lenge. Etter to sesongar i Sevilla FC gjekk han sommaren 1961 over til FC Barcelona. I juni 1963 skåra han det fyrste målet då Barcelona vann den nasjonale cupfinalen med 3-1 mot Real Zaragoza. Han deltok ikkje då Barcelona slo nettopp Real Zaragoaza i finalane i Messebycupen 1966. Derimot var han på plass då Barcelona i 1968 på ny vart nasjonal cupmeister, eit sjølvmål frå Real Madrid avgjorde finalen på Santiago Bernabéu i Madrid. I sin siste Barcelona-kamp, finalen i Cupvinnarcupen 1969, kom han tidleg innpå som innbytar, men måtte sjå at laget hans tapte 2-3 mot Slovan Bratislava. Sidan var han aktiv ein sesong i CE Sabadell og to i Real Mallorca.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Pereda spelte seks landskampar ifor Spania tida mai-oktober 1960, skåra eitt mål. Sidan fekk han åtte kampar i landslagsdrakta over ein toårsperiode frå sist i oktober 1963. Under europameisterskapen 1964 på heimleg grunn i Spania skåra han det fyrste målet både då Spania vann semifinalen 2-1 over Ungarn, og i finalen mot Sovjetunionen som enda med same siffera i spansk favør. Den 27. oktober 1965 snudde Pereda stillinga i VM-kvalifiseringskampen mot Irland frå 0-1 til 3-1 med tre skåringar i løpet av mindre enn 20 speleminuttar, kampen enda 4-1. Ein einsleg landskamp som innbytar i 1968, nøyaktig tre år etter Irland-kampen, vart hans 15. og siste for landslaget. I alt skåra han seks landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1964 for Spania
  • Spansk cupmeister: 1963 og 1958 med FC Barcelona
  • Finaletap i cupvinnarcupen: 1969 med FC Barcelona

Kjelder[endre | endre wikiteksten]