Cille Gad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cille Gad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1675
Bergen
Død

1711 (36 år)
København

Yrke lyrikar, skribent

Cille eller Zille Gad (fødd kring 1675 i Bergen, daud 1711 i København) var ein norsk diktar og lærd.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Cille Gad var dotter av embetsmannen Knud Gad (død 1711) og Anna Abrahamsdatter. Gjennom mora var ho i slekt med salmediktaren Dorothe Engelbretsdotter.[1] Faren blei tidleg merksam på evnene til dottera, og underviste henne i klassiske språk som latin og gresk – moglegvis òg i hebraisk.[2]

Etter eit tilhøve til ein austindiafarer frå eit hollandsk skip fødde Cille Gad eit barn i dølgsmål. Det blei seinare funne dødr i ei kiste. I 1705 blei ho arrestert hjå mormor si på Tysnes, tiltalt for barnemord. Ho erklærte seg uskyldig, men blei dømt til døden og blei sidan sett i fengsel på Askøy utanfor Bergen. Faren kjempa for å få henne lauslaten, og salmediktaren Anna Reimers skreiv til historikaren Otto Sperling d.y. og bad han om å gå i forbøn for henne.[3] Medan Cille sat i fengselet, fekk ho høyra at ho var blitt innlemma i Sperling si samling av lærde kvinner De foeminis doctis. Etter ei breveksling på latin mellom dei to, gjekk han i forbøn for henne hjå kongen.

I 1707 blei ho gjeven nåde, men måtte gå gjennom kyrkjetukt, betala leiermålsbot og sitja i fengsel i endå eit halvt år. Deretter blei ho utvist frå Bergen.

I 1708 drog Cille Gad til København saman med faren. Der hadde ho omgang med professorar og studentar ved universitetet.

Cille skreiv latinske æresvers, trykt i Thom. Jacobæus' Dissertatio de oculis insectorum, København 1708. Det Kongelige Bibliotek har òg dikt av henne om fangenskapen, skrivne på latin til Otto Sperling.

Gad har truleg inspirert Ludvig Holberg til skjemtediktet Zille Hans Dotters Gynaicologia eller Forsvars Skrift for Qvinde-Kiønnet frå 1722.[1] I Bergen har ho fått Cille Gads Plass kalla opp etter seg.[4]

Både ho og faren døydde i 1711 av byllepesten som utsletta ein tredel av folkesetnad i København, men aldri kom til Bergen. Ein tenåringsgut frå Helsingør skal ha ført med seg smitten til København etter at han hadde kryssa Øresund frå Sverige, der han hadde svekka kampkrafta til flåten betydeleg.[5][6][7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]