Cima Tosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cima Tosa
fjell
Ciba Brenta.jpg
Toppen av Cima Tosa er den kvite kappa midt på biletet
Land Flag of Italy.svg Italia
Fjellkjede Aust-Alpane
Høgd 3 173 moh.
Primærfaktor 1 521 m
Førstestiging 18. juli 1865
Koordinatar 46°9′26″N 10°52′16″EKoordinatar: 46°9′26″N 10°52′16″E
Wikimedia Commons: Cima Tosa

Cima Tosa er ein 3 173 meter over havet høg fjelltopp i Brenta-massivet i Italia, i regionen Trentino-Alto Adige. Cima Tosa er det høgste fjellet i Brenta-massivet, og med ein primærfaktor på heile 1 521 meter er det ein av ultratoppane i Europa.

På nordsida ris Cima Tosa opp frå fjelldalen Val Rendena i ei 800 meter høg, vertikal fjellside med eit bratt gyl kalla «Canalone della Tosa» som skil fjellet frå den motstånde fjelltoppen Crozzon di Brenta. Opp dette gylet stig ei av dei mest kjende is-klatrerutene i Aust-Alpane. Søraustsida består av fleire snøbrear inn i mellom bratte bergveggar. Toppen av Cima Tosa er dekt av ei iskappe, nærast som ein barbert skalle, derfor namnet Cima Tosa.

Giuseppe Loss frå den nærliggjande fjelldalen Primiero nådde toppen 18. juli 1865, saman med fleire kameratar. Den letteste oppstininga går frå aust, frå 2 700 moh over «Sentiero dell' Ideale».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]