Cimetière marin de Saint-Paul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cimetière marin de Saint-Paul
Grava til poeten Leconte de Lisle
Grava til sjørøvaren Olivier Levasseur «La Buse», død i 1730

Cimetière marin de Saint-Paul er ein gravlund i byen Saint-Paul på breidda av baie de Saint-Paul («Sankt Paulus-bukta») på øya La Réunion, ein fransk kommune og region i Indiahavet. Gravlunden ligg særs vakkert til ovanfor ei strand med svart sand, og med vidt utsyn over havet. Gravlunden med inventar vart freda som Monuments historiques 26. januar 2012.

Gravlunden har tent som siste kvilestad for mange sjørøvarar (piratar), mellom anna den vidgjetne Olivier Levasseur, kalla «La Buse» (eller «La Bouche»). Han herja i Indiahavet på 1700-talet, og ein freistar framleis å finne fram til skattane han har etterlate seg. Men nemninga cimetière marin tyder ikkje at gravlunden (le cimetière) er reservert for sjøfolk, men at gravlunden ligg open mot havet. Den cimetière marin i sjølve Frankrike som er mest kjend for sin venleik og sitt utsyn ligg i Sète, sør i landet. Diktaren Paul Valéry har skrive om denne gravlunden i diktet Le cimetière marin, og songaren Georges Brassens syng at «mon cimetière soit plus marin que le sien» («min gravlund vil verte meir marin enn hans») i songen Supplique pour être enterré à la plage de Sète («Bøneskrift om å få verte gravlagt på stranda i Sète»).

Den franske poeten Leconte de Lisle, som var fødd i Saint-Paul i 1818 og døydde i Frankrike i 1894, vart i 1977 overført og jordfesta på nytt på Cimetière marin de Saint-Paul etter fyrst å ha vore jordfesta på gravlunden cimetière du Montparnasse i Paris. Overføringa skjedde i samsvar med dei ynska han sjølv hadde uttrykt i dikta sine, «Le Manchy» og «Si l'Aurore». På Cimetière marin de Saint-Paul ligg òg den franske poeten Eugène Dayot og kunstmålaren Arthur Grimaud gravlagde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Cimetière marin de Saint-Paul