Cincinnati Zoo and Botanical Garden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Inngangen til Cincinnati Zoo.
Reptilhuset frå 1875.

Cincinnati Zoo and Botanical Garden , Cincinnati dyrehage og botaniske hage, ligg i Avondale i Cincinnati i Ohio og er den andre eldste dyrehagen i USA. Reptilhuset i parken frå opningsåret 1875 er den eldste dyrehagebygningen i USA. Dagens park inneheld rundt 500 dyreartar og 3500 planteartar.

Dyrehagen blei grunnlagd i 1873 og opna i 1875, 14 månader etter Philadelphia Zoo frå 1874. Han hadde ei lita dyresamling som omfatta ein handful apekattar, grizzlybjørnar, hjortar, vaskebjørar og elgar. Han hadde også ein bøffel, ein hyene, ein tiger, ein alligator, ein sirkuselefant og over firehundre fuglar. Dyrehagen er kjend for å ha husa det siste levand eksemplaret av vandredue, «Martha», som døydde her i 1914, og den siste carolinaparakitten, som døydde i 1918.

Den gamle dyrehagearkitekturen og vandredueminnesmerke gjorde at dyrehagen fekk status som «National Historic Landmark» i 1987. Parken er medlem av Association of Zoos and Aquariums (AZA), World Association of Zoos and Aquariums (WAZA) og American Public Garden Association.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cincinnati Zoo and Botanical Garden

Koordinatar: 39°8′42″N 84°30′29″W