Hopp til innhald

Citi Zēni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Citi Zēni

Aktiv2020

Citi Zēni er eit latvisk poprap-band som vart skipa i 2020. Gruppa har seks medlemmar, og dei slapp debutalbumet sitt i 2021. Året etter vann Citi Zēni songtevlinga SupernovaLTV med låten «Eat Your Salad». Som følgje av sigeren fekk dei representere Latvia i Eurovision Song Contest 2022.[1]

Citi Zēni vart skipa i mars 2020 under ein låtskrivarleir i Riga.[2] Året etter, i 2021, gav bandet ut debutalbumet Suņi iziet ielās.[3] Namnet på bandet kan omsetjast til 'andre guttar', og bandet beskriv seg sjølv som eit «sekspersoners musikknummer frå Aust-Europa, som kjøpslår innan alternativ einhyrningspop».[4]

I 2022 var Citi Zēni blant deltakarane i Supernova, den latviske uttakinga til Eurovision Song Contest. Der deltok dei med songen «Eat Your Salad».[5] Bandet gjekk vidare frå semifinalane og kvalifiserte seg til finalen 12. februar, der dei vann. Som følgje av sigeren fekk Citi Zēni representere Latvia i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[4] Dei deltok i den fyrste semifinale, men kvalifiserte seg ikkje til finalen etter å ha vorte nummer 14 i semifinalen.[6]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 2021 – Suņi iziet ielās
  • 2020 – «Vienmēr kavēju»
  • 2020 – «Parādi kas tas ir»
  • 2021 – «Suņi iziet ielās»
  • 2021 – «Skaistās kājas»
  • 2021 – «Limuzīns uz Krīta»
  • 2022 – «Eat Your Salad»
  • 2022 – «Lieka štuka»
  1. «What's on the menu in Latvia? Citi Zēni win 'Supernova'! 🇱🇻». Eurovision.tv (på engelsk (Storbritannia)). 2022-02-12. Henta 2022-02-12.
  2. Terry, Connor (2022-02-04). «Citi Zēni: "Our aim is to make a hard topic easy to digest & fun to listen to."» (på engelsk (USA)). Henta 2022-02-12.
  3. «"Citi zēni" releases debut album and single "Limousine on Crete"». World Today News (på engelsk (USA)). 2021-10-28. Henta 2022-02-12.
  4. 1 2 «What's on the menu in Latvia? Citi Zēni win 'Supernova'! 🇱🇻». Eurovision.tv (på engelsk (Storbritannia)). 2022-02-12. Henta 2022-02-12.
  5. «Latvia: Aminata and Markus Riva confirmed among the first 16 acts for Supernova 2022». wiwibloggs (på engelsk (USA)). 2022-01-05. Henta 2022-02-12.
  6. «Citi Zēni - Latvia - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk (Storbritannia)). Henta 2022-06-19.