Citrin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Citrin er ein gul variant av kvarts som blir nytta som smykkestein. Òg feilaktig kalla 'kvarts topas' eller 'falsk topas'. Mykje av den citrin som finst på marknaden er framstelt ved oppvarming av ametyst. Ved ein slik handsaming forsvinn den fiolette ametyst-fargen, og kvartsen blir gulfarga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Citrin. (2012, 19. mars). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/citrin.