Citrus halimii

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Citrus halimii
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Sapindales
Familie: Rutaceae
Underfamilie: Aurantioideae
Stamme: Citreae
Slekt: Sitrusfrukt Citrus
Art: C. halimii
Vitskapleg namn
Citrus halimii

Citrus halimii er ei sur sitrusfrukt som høyrer til papedagruppa i sitrusslekta. Han blei først oppdaga og klassifisert av vitskapsfolk i 1973.[1][2]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Citrus halimii er ein ganske sjeldan plante, og er lite studert. Sidan han blei oppdaga i 1973 har han berre blitt observert ein handfull stader i Søraust-Asia: Thailand, Malaysia (der han først blei oppdaga), og i isolerte grupper i Indonesia.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Citrus halimii er eit mellomstort eviggrønt tre som kan bli 6-7 meter høgt. Det har færre tornar enn mange andre sitrustre. Som andre medlemmer i papedagruppar har C. halimii relativt store blad med lange, vinga bladstilkar.[2]

Fruktene kan etast, men er sure. Dei er små og runde med ein diameter på rundt 5–7 cm. Skalet er relativt tjukt og blir gult eller oransjegult når frukta mognar. Skalet sit tett fast i fruktkjøtet, som er gulgrønt og fylt med mange store frø og ein liten del jus.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Opphavleg publisert i Stone, B.C.; Lowry, J.B.; Scora, R.W.; Jong, K. (1973). «Citrus halimii : A new Species from Malaya and Peninsular Thailand». Biotropica 5: 102–110. doi:10.2307/2989659. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Citrus halimii». Plant of the month. Bangkok, Thailand: Office of the Forest Herbarium : Department of National Parks, Wildlife and Plant Conservation. February 2005. Arkivert frå originalen 17. juli 2011. Henta November 24, 2009.