City Lights

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
City Lights
Singel av Ray Price
B-side «Invitation to the Blues»
Utgjeve Juni 1958 (USA)
Innspelt 29. mai 1958
Sjanger Country
Lengd 2:59
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bill Anderson
Ray Price-kronologi
«Curtain in the Window»
(1957)
City Lights «That's What It's Like to Be Lonesome»
(1958)


City Lights
Singel av Mickey Gilley
frå albumet City Lights
B-side «Fraulein»
Utgjeve November 1974 (USA)
Innspelt 1974
Sjanger Country
Lengd 2:48
Selskap Playboy 6015
Låtskrivar(ar) Bill Anderson
Produsent Eddie Kilroy
Mickey Gilley-kronologi
«I Overlooked an Orchid»
(1974)
City Lights «Window Up Above»
(1975)


«City Lights» er ein USA-amerikansk countrysong skriven av Bill Anderson. Han vart ein hit to gonger - først i 1958 og igjen i 1975.

Ray Price spelte inn originalversjonen i 1958, og hans versjon gjekk til topps på countrylista.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«City Lights» var ein av dei første store suksessane til Anderson. Han skreiv songen då han var berre 19 år gammal og han vart plukka opp av Ray Price våren 1958, då Price var den dominerande honkytonk-artisten i landet.

I følgje countryhistorikaren Bill Malone syner «City Lights» personleg isolasjon og «korleis individet vert framandgjort i den anonyme, urbane verda». Price sin «harde, einsame vokal» og Texas shuffle-rytmen (som kjennemerka innspelingane hans frå midten av 1950- til tidleg i 1960-åra) var dominerande i utgåva hans.[1]

Singelen kom ut i juni 1958 og nådde andreplassen på Billboard si Most Played C&W by Disc Jockeys-liste seinare på sommaren. Då Billboard introduserte ei eiga liste for country (kalla «Hot C&W Sides») den 20. oktober, vart «City Lights» den første songen som gjekk til topps på denne lista. Han låg på toppen av lista i 13 veker, den siste veka var 12. januar 1959. I alt låg songen 34 veker inne på lista.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Fleire andre artistar har spelt Anderson sin «City Lights» gjennom åra. Ein av dei mest suksessrike versjonane vart gjort av Mickey Gilley, som spelte ein honky-tonk og piano-versjon. Denne gjekk til topps på countrylista i februar 1975.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Malone, Bill, «The Smithsonian Collection of Classic Country Music» ((booklet included with The Smithsonian Collection of Classic Country Music 8-volume set). Smithsonian Institution, 1981).
  2. Jerry Lee Lewis, Country Songs for City Folks Retrieved June 15, 2012.
  3. Whitburn, Joel (2013). Hot Country Songs 1944–2012. Record Research, Inc. s. 337. ISBN 978-0-89820-203-8. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]