City of London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
City of London
Motto: Domine dirige nos
(Herre, rettlei oss)
Geografi
Status Sui generis; by og seremonielt grevskap
Region Stor-London
Areal 2,9 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2018)
- Folketettleik

8 706[1]
2 997,9 /km²
Etnisitet 84,4 % kvite
6,8% sørasiatiske
2,6% svarte
2,0% kinesiske
Distrikt

City of London (ofte kalla City, men ikkje til å forveksla med metropolen London) er ein sjølvstendig by i England. Byen blei grunnlagd av romarane i det første hundreåret e.Kr.

City blir rekna som finanssenteret i Storbritannia. Byen har berre rundt 8 000 innbyggjarar, og etter kontortid er det ikkje mykje som skjer der, men i arbeidstida er det meir enn 300 000 som oppheld seg på det litle området.

Byen har ein unik politisk status med grunnlag i ei rekkje privilegi tildelt av den britiske monarken gjennom hundreår. Den har stor grad av fridom frå andre myndigheiter, fordi den har status som eit grevskap. City blir styrt av City of London Corporation, ført an av ein overborgarmeister, Lord Mayor of London (i motsetning til London som blir leia av Mayor of London). Valsystemet er eineståande: forretningsmenn har stemmerett, og fordelinga av stemmer per valdistrikt er svært ujamn. Byen driv fem skular og har sin eigen politistyrke, City of London Police.

City har to sjølvstendige enklavar – Inner Temple og Middle Temple. Den har også eit tal eksklavar utanfor sine grenser: 8 friareal (parker, skogar og allmenningar) i og rundt London.

Historie

For meir om dette emnet, sjå Historia til London.

Romarane skipa busetnaden Londinium på området der dagens City of London ligg rundt år 43. På sitt største hadde byen eit innbyggjarar tal på rundt 45 000–60 000. Allereie frå byrjinga stamma innbyggjarane frå mange ulike stader i Romarriket, inkludert britiske innfødde, kontinentaleuropearar og folk frå Midtausten og Nord-Afrika.[2] Romarane bygde ein bymur ein gong mellom 190 og 225. Dei romerske bygrensene likna mykje på grensene for City of London i dag, men Londinium gjekk ikkje lenger vest enn Ludgate eller Fleet, og Themsen var vidare enn i dag. Romarane bygde ei bru over elva så tidleg som i år 50, nær der ein i dag finn London Bridge.

Kollektivtransport

Kollektivtransporten i City of London blir drive av Transport for London, og er fullt ut integrert i kollektivsystemet til Stor-London. Dei følgjande stasjonane ligg i eller rett utanfor City.

Jernbanestasjonar

Undergrunnsstasjonar

Docklands Light Railway

Kjelder

Bakgrunnsstoff