City to City

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
City to City
Studioalbum av Gerry Rafferty
Utgjeve 20. januar 1978
Innspelt 1977, Chipping Norton Recording Studios
Sjanger Rock, folkrock
Lengd 51:12
Selskap United Artists
Produsent Hugh Murphy
Gerry Rafferty-kronologi
Can I Have My Money Back
(1971)
City to City Night Owl
(1979)
Singlar frå City to City
  1. «City to City (berre Belgia og Nederland)»
    Utgjeve: 1977
  2. «Baker Street»
    Utgjeve: 1978
  3. «Right Down the Line»
    Utgjeve: 1978
  4. «Home and Dry (berre USA)»
    Utgjeve: 1978
  5. «The Ark (berre Nederland og Tyskland)»
    Utgjeve: 1978
  6. «Whatever's Written in Your Heart (berre Storbritannia)»
    Utgjeve: 1978
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg [1]
Robert ChristgauB− [2]
Rolling Stone[3]

City to City er eit studioalbum frå 1978 og det andre albumet til den skotske visesongaren Gerry Rafferty. Det var det første soloalbumet til Rafferty på seks år, og den første utgjevinga hans av noko slag sidan 1975 på grunn av tida hans i bandet Stealers Wheel og ei påfølgjande rettssak som hindra Rafferty i å gje ut nokre soloalbum dei neste tre åra. Albumet vart godt motteke og nådde første plassen på den amerikanske albumlista og selde til platinaplate,[4] i tillegg til å nå sjetteplassen i Storbritannia, der det selde til gullplate. «Baker Street», «Right Down the Line» og «Home and Dry» vart hittar. «Baker Street» vert rekna som signaturlåten til Rafferty og i oktober 2010 hadde songen runda 5 millionar avspelingar på britisk radio.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Gerry Rafferty, utanom der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «The Ark»   5:36
2. «Baker Street»   6:01
3. «Right Down The Line»   4:20
4. «City To City»   4:51
5. «Stealin’ Time»   5:39
6. «Mattie’s Rag»   3:28
7. «Whatever’s Written In Your Heart»   6:30
8. «Home And Dry»   4:52
9. «Island»   5:04
10. «Waiting For The Day»   5:26

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Baker Street[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Baker Street av Gerry Rafferty.

United Artists ønskte å bruke «City to City» som den første singelen frå albumet, men Rafferty meinte at «Baker Street» var eit betre val og han vart etter kvart den første singelen i dei fleste land. Singelen kom ut 3. februar 1978 og vart særs populær. Songen nådde tredjeplassen på UK Singles Chart og andreplassen på Billboard Hot 100 i USA. Songen var med på å få albumet til topps på Billboard 200 i ei veke sommaren 1978. B-sida til «Baker Street» var «Big Change in the Weather», ein sjeldan song som ikkje var med på albumet. Han kom først ut som bonusspor på albumet i 2011.

Right Down the Line[endre | endre wikiteksten]

«Right Down the Line» nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 og låg fire veker på rad på toppen av Easy Listening-lista i USA i 1978,[5] den einaste songen av Rafferty som nådde toppen av ei liste i USA.

Home and Dry[endre | endre wikiteksten]

«Home and Dry» var den tredje singelen frå albumet i USA, men kom ikkje ut i Storbritannia. Han nådde 28. plassen på Billboard Hot 100, som den tredje singelen hans på rad. B-sida var ein song frå City to City, «Mattie's Rag».

City to City[endre | endre wikiteksten]

Tittelsporet kom ut på singel i Belgia (1977) og Nederland (1978). B-sida var ein lengre versjon av «Mattie's Rag».[6]

The Ark[endre | endre wikiteksten]

«The Ark» vart gjeven ut på singel i Nederland og Tyskland i 1978. Den nederlandske versjonen hadde B-sida «Waiting for the Day» medan den tyske versjonen nytta «Whatever's Written In Your Heart». Begge B-sidene var frå albumet.[7]

Whatever's Written in Your Heart[endre | endre wikiteksten]

«Whatever's Written In Your Heart» var den einaste songen som vart gjeven ut som promosingel i Storbritannia i 1978. «Waiting for the Day» vart nytta som B-side.[8]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1978 Billboard 200 1 [9]
1978 UK Album Chart 6 [10]

Singel

År Song Liste Plassering
1978 "Baker Street" Billboard Easy Listening 4 [11]
1978 "Baker Street" Billboard Hot 100 2 [11]
1978 "Baker Street" UK Singles Chart 3 [10]
1978 "Right Down the Line" Billboard Easy Listening 1 [11]
1978 "Right Down the Line" Billboard Hot 100 12 [11]
1978 "Home and Dry" Billboard Hot 100 28 [11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]