Claerwen

Koordinatar: 52°16′20″N 3°41′20″W / 52.27222°N 3.68889°W / 52.27222; -3.68889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Claerwen-reservoaret
innsjø
Land  Storbritannia
Innsjøtype reservoar
Areal 3,688 km²
Koordinatar 52°16′20″N 3°41′20″W / 52.27222°N 3.68889°W / 52.27222; -3.68889
Kart
Claerwen
52°16′20″N 3°41′20″W / 52.272222222222°N 3.6888888888889°W / 52.272222222222; -3.6888888888889
Wikimedia Commons: Claerwen Reservoir

Claerwen er eit reservoar i Powys i Wales, som det siste leddet i Elan Valley-reservoara som vart bygd som ein del av vassforsyninga til Birmingham i England. Demninga er hovudsakleg bygd av betong med naturstein på utsida. Demninga er av ein type kalla massivdam.

Nedanfor Claerwen-dammen

Claerwen-dammen stod ferdig i 1952 og vart bygd i ein viktoriansk stil for å passe inn med tidlegare dammar i dalen. Ein måtte leige inn italienske steinhoggarar, fordi dei britiske framleis var i London og bygde opp att byen etter krigen i 1940-åra.

Det tok seks år å byggje dammen og han var nesten dobbelt så stor som dei andre dammane i Elan-dalen. Claerwen reservoaret er nesten like stor som alle dei andre reservoara i Elan-dalen til saman. Dammen er 56 meter høg og 355 meter lang. Kapasiteten i reservoaret er 48,3 millionar m³.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]