Clambake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Clambake
Filmmusikkalbum av Elvis Presley
Språk engelsk
Utgjeve 10. oktober 1967
Innspelt 21. til 23. februar og 10. og 11. september 1967
Sjanger rock, pop
Lengd 29:36
Selskap RCA Victor
Produsent Jeff Alexander, Felton Jarvis
Elvis Presley-kronologi 
Double Trouble

(1967)

Clambake Elvis' Gold Records Volume 4

(1968)

Singlar frå Clambake
  1. «Big Boss Man»
    Utgjeve: September 1967
  2. «Guitar Man»
    Utgjeve: Januar 1968
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Clambake er det 30. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor i mono og stereo som LPM/LSP 3893 i oktober 1967. Presley gjekk inn i RCA Studio B i Nashville den 21. februar 1967 for innspelinga av musikken til den 25. filmen hans. Fleire songar vart spelt inn 10. og 11. september 1967. Albumet nådde 40. plassen på Billboard 200.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av 1966 hadde salstala til Presley falle kraftig[3] og han hadde lite lyst til å halde fram med filmmusikken. Dette prosjektet var alt i fare før det hadde starta.[4] Innspelingane vart ein fiasko og berre åtte songar vart spelt inn. To vart fjerna frå filmen og med «How Can You Lose What You Never Had» omgjort til filmmusikk stod ein att med berre sju songar.[5]

Albumet vart eit vendepunkt i karrieren til Presley. Etter mange år med inkjeseiande songar og filmar, var det tydeleg at han hadde lagt toppen av karrieren bak seg. Popmusikken hadde passert han i 1960-åra medan han var «tapt i Hollywood». Så Presley valde å byrje å spele inn musikk av dugande låtskrivarar. Ei innspeling var planlagt i august i Hollywood, men vart avlyst og planlagt på ny for RCA Studio B i september.[6] Utan å ta omsyn til opphavsrettar, plukka Presley songar han sjølv likte, inkludert Eddy Arnold-songen «You Don't Know Me» frå 1956 og Jimmy Reed sin «Big Boss Man» frå 1960. Begge vart valde ut som singel i slutten av september før dei kom med på albumet. A-sida nådde så vidt topp 40 på singellista i USA.[7] Presley bad òg om å få spele inn ein song han høyrde på radio i Los Angeles av Jerry Reed, og inviterte Reed sjølv med på innspelinga for å spele den akustiske gitaren.[8] Dei henta Reed frå ein fisketur og han kom i studio med Presley for å spele på songen «Guitar Man». Etter at songen var spelt inn, nekta Reed å gje frå seg dei vanlege forlagsprosentane til Freddy Bienstock, nok eit åtak på filmmusikkformelen som hadde eksistert gjennom heile 1960-åra.[9] Fem songar vart valde ut frå innspelinga slik at talet på songar på albumet kom i tolv.

Inkludert dette albumet, hadde berre tre av dei femten albuma sidan Pot Luck with Elvis i 1962 ikkje vore filmmusikkalbum. To av dei var samlealbum og eit studioalbum med gospelmusikk, How Great Thou Art. Sjølv med fem nyare songar som ikkje var frå filmar, inkludert ein hit-singel, selde Clambake færre enn 200 000 eksemplar, og gjorde det verre enn føregangaren Double Trouble, som var det minstseljande albumet hans til då.[10]

I 2006 vart Clambake gjeve ut på ny på Follow That Dream med originalalbumet i tillegg til fleire alternative opptak.[11]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Guitar Man» (bonusspor)Jerry Reed10. september 19672:30
2.«Clambake»Ben Weisman og Sid Wayne22. februar 19672:36
3.«Who Needs Money»Randy Starr22. februar 19673:15
4.«A House That Has Everything»Roy C. Bennett og Sid Tepper21. februar 19672:14
5.«Confidence»Roy C. Bennett og Sid Tepper22. februar 19672:33
6.«Hey, Hey, Hey»Joy Byers22. februar 19672:30
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«You Don't Know Me»Cindy Walker og Eddy Arnold11. september 19672:27
2.«The Girl I Never Loved»Randy Starr21. februar 19671:52
3.«How Can You Lose What You Never Had» (bonusspor)Ben Weisman og Sid Wayne21. februar 19672:27
4.«Big Boss Man» (bonusspor)Luther Dixon and Al Smith10. september 19672:50
5.«Synging Tree» (bonusspor)A.L. Owens og A.C. Solberg11. september 19672:17
6.«Just Call Me Lonesome» (bonusspor)Rex Griffin10. september 19672:05

Follow That Dream-utgåva frå 2006[endre | endre wikiteksten]

Originalalbum
Nr.TittelLengd
1.«Guitar Man» (bonusspor)2:19
2.«Clambake»2:35
3.«Who Needs Money?»3:15
4.«A House That Has Everything»2:13
5.«Confidence»2:32
6.«Hey, Hey, Hey»2:29
7.«You Don't Know Me»2:29
8.«The Girl I Never Loved»1:51
9.«How Can You Lose What You Never Had» (bonusspor)2:26
10.«Big Boss Man» (bonusspor)2:51
11.«Synging Tree» (bonusspor)2:17
12.«Just Call Me Lonesome» (bonusspor)2:06
Andre filmversjonar
Nr.TittelLengd
13.«You Don't Know Me» (filmversjonen - opptak 20)2:19
14.«Clambake» (reprise - take 4)0:21
Alternative opptak
Nr.TittelLengd
15.«Clambake» (opptak 3B)2:42
16.«How Can You Lose What You Never Had» (opptak 1 & 2)4:16
17.«You Don't Know Me» (filmversjonen - take 3)2:42
18.«Hey, Hey, Hey» (opptak 3, 5 & 6)5:05
19.«The Girl I Never Loved» (opptak 4 & 5)3:33
20.«Clambake» (opptak 1 & 5)3:26
21.«A House That Has Everything» (opptak 4, 5 & 6)4:00
22.«You Don't Know Me» (filmversjonen - opptak 7 & 10)3:15
23.«How Can You Lose What You Never Had» (opptak 3)2:37
24.«Hey, Hey, Hey» (opptak 7 & 8)4:13
25.«Clambake» (reprise - opptak 1, 2 & 3)2:48

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Lister Plassering
1967 Billboard Pop Albums 40

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. «Clambake». Allmusic. Rovi Corp. 2013. Henta May 22, 2013. 
  3. Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 225.
  4. Jorgensen, op. cit., s. 226.
  5. Jorgensen, op. cit., s. 231.
  6. Jorgensen, op. cit., s. 233-234.
  7. Jorgensen, op. cit., s. 418.
  8. Jorgensen, op. cit., s. 235.
  9. Jorgensen, op. cit., s. 236.
  10. Jorgensen, op. cit., s. 240.
  11. Kjelder:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]