Skrikørner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Clanga)
Skrikørner
Småskrikørn, Clanga pomarina
Småskrikørn, Clanga pomarina
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Haukefamilien Accipitridae
Slekt: Skrikørner Clanga

Skrikørner (Clanga) er ei biologisk slekt med tre rovfuglartar, og er medlem av haukefamilien, Accipitridae. Dei har leveområde i Eurasia omtrent frå nordaustlege Tyskland og austover til stillehavskysten omtrent ved Vladivostok. I tillegg har ein art i stor grad overvintringsområde i Afrika.

Dette er mellomstore og kompakt bygde medlemmer av haukefamilien med stort sett brune fjørdrakter, større enn musvåk, men langt mindre enn kongeørn. I flukt kan skrikørner minne om ørner med sine breie venger og handsvingfjørfingrar, men har ein liten vinkel ved vengeknoken der ekte ørner har rett utstrekt venge.

Galleri

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Clanga i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Småskrikørn, Clanga pomarina, Lesser Spotted Eagle, (Brehm, CL, 1831), (LC)
Hekkar i Aust-Europa, vinter i Aust-Afrika; 55-67 cm, 1-2,2 kg
  • Indiaskrikørn, Clanga hastata, Indian Spotted Eagle, (Lesson, R, 1831), (VU)
Lever året rundt på det indiske subkontinentet, 50-60 cm
  • Storskrikørn, Clanga clanga, Greater Spotted Eagle, (Pallas, 1811), (VU)
Hekkar i eit belte frå austlegaste Europa til nordaustlege Kina, vinter i Iran, det indiske subkontinentet, Søraust-Asia, søraustlege Kina; 59-71 cm, 1,5-2,5 kg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Winkler, D. W., S. M. Billerman, og I.J. Lovette (2020). Hawks, Eagles, og Kites (Accipitridae), version 1.0. In Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.accipi1.01
Referansar
  1. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skrikørner