Clara Holst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Clara Holst
ClaraHolst.jpg
Fødd4. juni 1868
Christiania
Død15. november 1935
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkespråkforskar, filolog
InstitusjonarUniversity of Kansas
Wellesley College
Alma materUniversitetet i Oslo

Clara Holst (fødd 4. juni 1868 i Kristiania, daud 15. november 1935) same stad) var ein norsk språkforskar, kjent som den første kvinna som tok doktorgrad frå Det Kongelege Frederiks Universitet i Kristiania. Ho var den første kvinnelege filologen i Noreg som vart utnemnt i eit skuleembete, men valde sjølv å ikkje tiltre etter ein konflikt med rektoren ved skulen.[1]

Utdanning og yrkesliv[endre | endre wikiteksten]

Holst tok examen artium i 1889 som privatist ved Nissens Pikeskole, og vart preseterist. Ho vart deretter den første kvinna som studerte og oppnådde «sproglig-historisk lærereksamen» (dagens cand.philol.) (1890–96). Ho valde i studietida ved universitetet Johan Storm som sin såkalla «privatpreseptor» (rettleiar).[2]

Etter studieopphald i Cambridge, ved Sorbonne, Leipzig, Berlin og København, disputerte ho med ei avhandling om nedertyske lånord i dansk (1903). I dette arbeidet hadde ho støtte frå og fekk fagleg rettleiing av Sophus Bugge. Både Johan Storm og Sophus Bugge, i tillegg til språkforskaren Hjalmar Falk, var opponentar i disputasen hennar. Deretter underviste Holst i korte periodar ved Aars og Voss' skole i Kristiania, før ho var professor ved Wellesley College i Boston 1906/07, og dessutan ved University of Kansas 1907/08.[2] Begge stadar underviste ho hovudsakleg i tysk, men gav òg timar i norrønt og moderne norsk.

Ho vart utnemnd av Kongen i statsråd til eit adjunktembete ved Hamar katedralskole i 1910, men tok ikkje i mot stillinga på grunn av usemje med rektoren ved skulen om timeplanen. Rektoren skreiv til departementet at han ikkje ville ta «noget særhensyn til frøken Holst». Ho fekk berre tilbod om byrjarundervising i tysk, medan dei mannlege lærarane ved skulen skulle ha gymnasundervisinga. Det fann ho seg ikkje i, og sa dermed frå seg embetet. Antonie Tiberg, som var innstilt som nummer to til stillinga, vart dermed utnemnt i staden.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Holst var dottera til korpslege Axel Holst og Anna Mathilde Charlotte Flemming, og sonedotter til Frederik Holst, begge professorar ved Universitetet. Frederik Holst var elles den første mannen i Noreg som vart tildelt ein doktorgrad i Noreg.[3]

Clara Holst vart verande ugift, og etter at ho kom attende til Noreg i 1908, budde ho resten av livet saman med to systrer i Kristiania/Oslo.[4]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Livet og virket til Clara Holst er skildra i Ernst Håkon Jahr si bok Clara Holst – kvinnelig pionér i akademia i Norge (2006). Ved Universitetet i Agder finst det eit «Clara Holsts auditorium», og på kvinnedagen 8. mars 2019 vart administrasjonsbygget til OsloMet - storbyuniversitetet offisielt omdøypt til «Clara Holsts hus».[5]

Biografen Ernst Håkon Jahr meiner Clara Holst i for lang tid har vorte oversedd i norsk kvinnehistorie. Om usemja med rektoren ved Hamar Katedralskole, som førte til at Holst sa frå seg jobben, skriv Jahr: «Vi må kunne lese en tydelig kvinneprotest i hennes resolutte avvisning av rektors timeplan. Hennes økonomi gjorde at hun kunne foreta et slikt prinsipielt valg.»[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eneren Clara Holst». Språkrådet (norsk). Henta 15. mars 2019. 
  2. 2,0 2,1 Jahr, Ernst Håkon (15. juni 2016). «Clara Holst». Norsk biografisk leksikon (norsk). Henta 11. februar 2019. 
  3. Qvenild, Steinar; Redaktør, Ersen (13. desember 2005). «Bakgrunn: Norges første doktorgrad». forskning.no (norsk). Henta 11. februar 2019. 
  4. «Eneren Clara Holst». Språkrådet (norsk). Henta 15. mars 2019. 
  5. storbyuniversitetet, Rektor Curt Rice OsloMet- (7. mars 2019). «Gi jenter rollemodeller som likner dem selv». khrono.no (norsk). Henta 15. mars 2019. 
  6. «Eneren Clara Holst». Språkrådet (norsk). Henta 15. mars 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]