Clara Hughes
Clara Hughes | |
![]() | |
Fødd | 27. september 1972 (50 år) Winnipeg |
Yrke | skøyteløpar, sykkelryttar |
Clara Hughes på Commons |
Clara Hughes (fødd 27. september 1972) er ein kanadisk tidlegare idrettsutøvar frå Winnipeg i Manitoba i Canada. Ho tevla i både sykling og skeiseløp og er ein av eit fåtal utøvarar som har vunne olympiske medaljar i både sommar-OL og vinter-OL. Under Sommar-OL 1996 vann ho to bronsemedaljar i sykling, ein på bane og den andre på landeveg. Sidan sikra ho seg nye bronsemedaljar i 5000 meter på skeiser i dei olympiske vinterleikane 2002 og 2006, medan ho i Vinter-OL 2006 i Torino vart olympisk meister på spesialdistansen og i tillegg fekk sølv med Canada i lagtempo.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Clara Hughes» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2018.