Clarendon Parish
| Clarendon | |||
| fylke | |||
May Pen i Clarendon. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Middlesex | ||
| Hovudstad | May Pen | ||
| Areal | 807[1] km² | ||
| Folketal | 246 322 (2012)[2] | ||
![]() Clarendon Parish 17°43′59″N 77°09′00″W / 17.733°N 77.15°W | |||
| Wikimedia Commons: Clarendon Parish | |||
Clarendon Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg sør på øya, omlag midtvegs mellom aust og vest. Det grensar til Manchester Parish i vest, Saint Ann i nord og Saint Catherine i aust. Det er eit av dei folkerikaste fylka på øya, med rundt 216 000 innbyggjarar. Den største byen og administrasjonssenteret er May Pen, med nær 50 000 innbyggjarar.[3] Andre større busetnader er Four Paths, Frankfield, Chapelton og Spalding.[3]
Nord i Clarendon ligg Bull Head Mountains (ca. 850 moh.), som er rekna som senteret av øya.[3] Det sørlegaste punktet på Jamaica, Portland Point, ligg på ei halvøy i Clarendon. Her ligg også Portland Point Lighthouse.
Det blir dyrka mykje sukkerrøyr og noko tobakk i Clarendon. Selskapa JAMALCO og ALCOA driv bauksittutvinning.
Kjende folk frå Clarendon
[endre | endre wikiteksten]- Elizabeth Home, Countess of Home
- Atlee Mahorn, kanadisk sprintar
- Liz Mitchell, songar i Boney M
- Millie Small, kjend for hitten «My Boy Lollipop» som Millie.
- Linton Kwesi Johnson, britisk diktar
- Calvin George Scott, reggaesongar kjend som Cocoa Tea
- Claude McKay, forfattar som var del av Harlem Renaissance
- Barrington Levy,songar
- Toots Hibbert, songar i Toots & The Maytals
- Rodolph Austin, fotballspelar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Parish Profile: Westmoreland, Jamaica Information Service
- ↑ https://statinja.gov.jm/Demo_SocialStats/populationbyparish.aspx.
{{cite web}}: Missing or empty|title=(hjelp) - 1 2 3 «POLITICAL GEOGRAPHY». discoverjamaica.com. The Gleaner Online. Henta 6. desember 2017.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Clarendon Parish, Jamaica» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2017.

