Clark Gable

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Clark Gable
Clark Gable - publicity.JPG
Fødd1. februar 1901
FødestadCadiz
Død16. november 1960
DødsstadLos Angeles
Verka somfilmskodespelar
EktefelleJosephine Dillon, Carole Lombard, Sylvia Ashley
BornBunker Spreckels, Judy Lewis, John Clark Gable
PrisarOscar for beste mannlige hovedrolle, Distinguished Flying Cross, Air Medal

Clark Gable (1. februar 190116. november 1960) var ein amerikansk skodespelar.

Gable er mest kjend for rolla som Rhett Butler i filmen Tatt av vinden frå 1939, ei rolle som vart nominert til Oscar for beste mannlege hovudrolle. Han vann prisen i 1934 for filmen Det hendte en natt, og vart òg nominert for si rolle i Mytteriet på Bounty i 1935. Andre kjende filmar var Fristelser (1932), Hustru kontra sekretær (1936), Saratoga (1937), Mogambo (1953) og Uten feste (1961), som vart den siste filmen hans. Gable døydde 59 år gammal av eit hjarteinfarkt berre nokre få dagar etter at innspelinga av Uten feste vart ferdig.

Gable spelte mot nokre av dei best kjende kvinnelege skodespelarane i Hollywood. Han og Joan Crawford spelte i åtte filmar saman, Myrna Loy spelte saman med han sju gonger og Jean Harlow seks gonger. Han spelte òg i fire filmar saman med Lana Turner og i tre filmar med både Norma Shearer og Ava Gardner. I 1999 vart Gable kåra til tidenes sjuande største mannlege filmlegende av Det amerikanske filminstituttet.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Gable vart født 1. februar 1901 i Cadiz i Ohio. Då han var sju månader gammal døydde mor hans. Som sekstenåring slutta han på skulen og byrja å jobba på ein fabrikk. Etter at han såg eit stykke som imponerte han, bestemte han seg for å verta skodespelar. Han byrja å turnera med ulike teatergrupper av varierande kvalitet. Han skaffa seg òg tidvis inntekter som seljar og industriarbeid.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «AFI's 100 Years...100 Stars» (engelsk). Det amerikanske filminstituttet.