Hopp til innhald

Clas Thunberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Clas Thunberg


StatsborgarskapFinland, Storfyrstedømmet Finland
Fødd5. april 1893
Helsingfors
Død 28. april 1973 (80 år)
Helsingfors
Idrettlengdeløp på skeiser
Tok del i Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1924 – 1500 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1928 – 1500 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1924 – 5000 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1924 – 10000 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1924 – Sammenlagt herrer
Utmerkingar ridder av 1. klasse av Finlands hvite roses orden, Stort fortjenstkors for finsk idrett, Finnish Olympic Cross of Merit, First Class

Arnold Clas Robert Thunberg (5. april 189328. april 1973) var ein finsk skøyteløpar, fødd og død i Helsinki. I tida 1922-31 vann han fem olympiske gullmedaljar, fem verdsmeisterskap og fire europameisterskap.

I februar 1922 triumferte Thunberg ved europameisterskapen heime i Helsinki, etter å ha sigra på dei tre kortaste distansane. Helga etterpå enda han på tredjeplass då verdsmeisterskapen vart avvikla på Frogner stadion i den norske hovudstaden, bak nordmennene Harald Strøm og Roald Larsen. Året etter måtte sjå seg slått av Strøm då EM 1924 på ny vart avvikla i Kajsaniemiparken i Helsinki. Ei veke seinare vart Thunberg verdsmeister i Stockholm, framom nemnde Strøm.

Thunberg i Chamonix 1924

Under vinterleikane i Chamonix i slutten av januar 1924 sanka Thunberg ein medalje på alle distansane. Han sikra seg gullmedaljane på 1500 m, 5 000 meter og samanlagt, sølvmedaljen på 10 000-meteren og ein bronsemedalje på 500 meter. Sidan i sesongen vart han andremann ved europameisterskapen i Oslo, norske Roald Larsen vart suveren meister. Helga 21. og 22.februar 1925 var Thunberg heilt i eiga klasse ved verdsmeisterskapen på nye Bislett stadion i Oslo. I 1926 deltok ikkje Thunberg i dei store meisterskapane. Thunberg kom tilbake vinteren 1927 og vart andremann både ved europameisterskapen i Stockholm og verdsmeisterskapen i Tampere. I begge meisterskapane vart han klart slått av norske Bernt Evensen.

Vinteren 1928, i løpet av knapt fire veker, vart Thunberg europameister på Frogner stadion i Oslo, verdsmeister på Eisstadion i Davos og dobbelt olympisk meister i St. Moritz. Under Vinter-OL delte han fyrsteplassen med Bernt Evensen på 500 meter, for så å vinne 1500 meter dagen etter. I 1929 vart Thunberg nummer 2 ved europameisterskapen i Davos bakom Ivar Ballangrud, under verdsmeisterskapen på Frogner vart plasseringane omsnudd. Etter å ha stått over internasjonale meisterskap i 1930, kom Thunberg tilbake i 1931-sesongen og vart både europameister og verdmeister.

På nyåret 1932 vart Thunberg i Davos europameister for fjerde gong, ein meisterskap utan norsk deltaking. Han reiste ikkje over til USA og Lake Placid, og deltok dermed korkje i Vinter-OL eller i verdsmeisterskapen på skeiser. 1933 vart Thunberg nummer 6 ved verdsmeisterskapen i Trondheim. Året etter deltok han i VM på Hamar, men stilte ikkje i milløpet. Også ved EM 1935 og VM 1935 gjekk han berre dei tre kortaste distansane.

Personlege rekordar

[endre | endre wikiteksten]
DistanseTidDatoStadBane
500 m42,613. januar 1931St. Moritz
1 500 m2.18.111. januar 1930DavosDavos Eisstadion
5 000 m8.32,64. februar 1928DavosDavos Eisstadion
10 000 m17.34,85. februar 1928DavosDavos Eisstadion