Claude Lévi-Strauss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Claude Lévi-Strauss

Fødd28. november 1908
Brussel
Død30. oktober 2009
16. arrondissement
NasjonalitetFrankrike, Belgia
Områdekulturantropologi, strukturalisme
Yrkefilosof, politikar, antropolog, fotograf, pedagog, skribent, professor, sosiolog, psykolog, mytograf, etnolog, forskar
InstitusjonarUniversidade de São Paulo
Collège de France
École des hautes études en sciences sociales
École pratique des Hautes Études
Alma materLycée Condorcet
Faculté de droit de Paris
Lycée Janson-de-Sailly
EktefelleDina Dreyfus, Rose Marie Ullmo, Monique Roman
MedlemAcadémie française
National Academy of Sciences
Det Norske Videnskaps-Akademi
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
British Academy
American Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society

Claude Lévi-Strauss (28. november 190830. oktober 2009) var ein fransk sosialantropolog, fødd i Brussel og død i Paris. Han var ein av dei antropologane i det 20. hundreåret med størst innverknad på faget, retninga han utvikla vert kalla strukturalismen. Fleire av arbeida hans har påverka fag som litteraturvitskap, folkloristikk, sosiologi og religionshistorie.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Frå 1935 til 1938 var Lévi-Strauss professor i sosiologi ved universitetet i São Paulo i Brasil. Deretter var han frå 1941 til 1945 tilsett ved New School for Social Research i New York, før han i 1946 til 1947 var fransk kulturattaché i Washington D.C. Frå 1950 arbeidde han ved École des Hautes Études i Paris og sidan 1959 som professor i sosialantropologi ved Collège de France i den same byen.

Lévi-Strauss var mykje oppteken av ulike samfunns filosofi og tenkemåte, deira oppfatning og klassifisering av tilværet. Han hevda at det menneskelege intellektet fylgjer dei same logiske grunnprinsippa overalt. Si strukturalistiske lære utvikla han til ein universalistisk modell til forståing av menneskelege samfunn og kulturar, der «gjenstandane» vert sett i eit globalt perspektiv.

Ein grunnleggjande premiss for dei strukturalistiske teorisystema er postulatet om at menneskehjernen, fordi den alle stader er likt konstruert, sorterer inntrykka på same vis. Hjernen ordnar inntrykka gjennom motsetningar, kontrastar og relasjonar, ved å stille dei opp i binære opposisjonar.

Materialet henta Lévi-Strauss frå mytologi, folklore og sosiale organisasjonsformer. I sine analysar var han inspirert av franske antropologar og sosiologar som Marcel Mauss og Émile Durkheim, samt av nyare strukturell lingvistikk og marxistisk dialektikk.

Lévi-Strauss sikta mot å avdekke dei universelle strukturane som fører til ulike former for samfunn og religiøs praksis, til dømes totemisme andsynes kastesystem.

Arbeidet hans påverka moderne filosofi. Mellom anna kritiserte han det eksistensialistiske synet til landsmannen Jean-Paul Sartre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]