Claude Nobs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Claude Nobs

Claude Nobs, grunnleggjar av den kjende Montreux Jazz Festival, 2006
Statsborgarskap Sveits
Fødd 8. februar 1936(1936-02-08)
Territet i Montreux i Sveits
Død

10. januar 2013 (76 år)
Lausanne i Sveits

Yrke kokk, ansvarlig produsent, komponist, instrumentalist, redaktør
Språk fransk
Claude Nobs på Commons

Claude Nobs (8. februar 193610. januar 2013) var ein sveitsar som grunnla og styrte Montreux Jazz Festival.

Nobs introduserer Bill Evans Trio under Montreux Jazz Festival, 12. juli 1978 (foto Brian McMillen)

Nobs var fødd i Montreux i Sveits. Medan han arbeidde som leiar for turistkontoret i Montreux, organiserte han den første jazzfestivalen i byen med artistar som Charles Lloyd, Keith Jarrett, Ron McLure og Jack DeJohnette. Festivalen vart raskt ein stor suksess og vart vidgjeten langt utafor Sveits. Nobs omforma raskt festivalen til ein internasjonal samlestad for jazzelskarar. I 2004 hadde festivalen over 200 000 vitjande.

I 1973 vart Nobs direktør i den sveitsiske avdelinga av Warner, Elektra og Atlantic. På konsertalbumet til Jethro Tull, Bursting Out (spelt inn 28. mai 1978 i Bern), kan ein høyre Nobs annonsere bandet i starten av albumet.

Nobs spelte munnspel på opningssporet på Chris Rea-albumet Water Sign i 1983.

Den 24. desember 2012 hadde Nobs ei ulukke medan han stod på ski i Sveits og hamna i koma. Han døydde 10. januar 2013, 76 år gammal.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Claude Nobs, Montreux Jazz Festival founder, dies». BBC News. Henta 13. november 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]