Claudio Bravo
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Claudio Andrés Bravo Muñoz | ||
| Fødd | 13. april 1983 | ||
| Fødestad | Loncoche | ||
| Høgd | 183 cm | ||
| Posisjon | Keeper | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Manchester City | ||
| Nummer | 1 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| Colo-Colo | |||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2002-06 2006-14 2014-16 2016- |
|
123 (0) 229 (1) 70 (0) 23 (0) | |
| Landslag | |||
| 2004- |
| 119 (0) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. januar 2018 ‡ Landslagsmål oppdatert 10. oktober 2017 | |||
Claudio Andrés Bravo Muñoz (fødd 13. april 1983) er ein chilensk fotballspelar og keeper for det chilenske landslaget og Manchester City i engelsk Premier League.
Bravo var del av Santiago-klubben Colo-Colo sitt ungdomsakademi. Han debuterte for A-laget i 2002. Snart etter debuten sin vart han skada. Då han kom igjen etter skaden ved midten av 2003, tok han over som førstekeeper for Colo-Colo. Før 2006/07-sesongen gjekk han til Real Sociedad frå San Sebastián i spansk 1. divisjon. Han skal ha kosta 1,2 millionar euro. Han seriedebuterte 22. oktober 2006 i ein 0-0-kamp mot RCD Mallorca. I den første sesongen sin i Spania spelte han i 29 av dei 38 seriekampane. Sociedad rykte ned i 2. divisjon den sesongen. I 2007/08-sesongen var Bravo reservekeeper, men i 08/09-sesongen vann han attende A-lagsplassen. 2009/10-sesongen vart den tredje på rad i 2. divisjon for Sociedad. Bravo skåra mål for første gong i karrieren på eit frispark mot Gimnàstic de Tarragona 14. februar 2010.[1]. Han vart seriemeister i Spania med Barcelona i 2015 og 2016.
Bravo spelte på forskjellige aldersbestemte landslag for Chile. Han debuterte for A-laget 11. juli 2004 mot Paraguay i Copa América i 2004. Han heldt keeperplassen på landslaget under kvalifiseringa til fotball-VM i 2006 og Copa América i 2007. I 2008 og 2009 var han med på landslaget som kvalifiserte seg til fotball-VM i 2010. Han vart landslagskaptein etter at Marcelo Salas la opp på landslaget. Bravo var med på å vinna Copa América med Chile i 2015 og 2016.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Claudio Andrés Bravo Muñoz» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2010.