Claus Daae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Claus Daae
Fødd20. desember 1806
Død13. november 1896 (89 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest, politikar
Utdanna vedBergen Katedralskole
Alle verv

Claus Nils Holtzrod Daae (fødd 20. desember 1806 i Fana, død 13. november 1896) var ein norsk prest og stortingsrepresentant.

Daae var son til soknepresten Iver Munthe Daae i Fana, og vart student 1825 frå katedralskulen i Bergen. Den yngre broren Jens Kobro Daae var også prest.[1] Han reiste til hovudstaden og vart cand. theol. i 1828. Dei neste åra livnærte han seg som alumnus ved det filologiske seminaret og som notarius ved det teologiske fakultetet. År 1834 vart han utnemnd til sokneprest på Stord, eit embete han hadde i 27 år. Då seminaret på Stord vart oppretta i 1838, fekk Daae stilling som både forstandar og fyrstelærar. I 1861 vart han sokneprest for Vår Frue kyrkje i Trondheim og 1865 ved Domkyrkja i Bergen. Same året vart han utnemnd til stiftsprost.

Daae var 4. representant på Stortinget for Søndre Bergenhus amt i 1848. Han var formann i kyrkjekomite nr 2. 1848-61 var han ordførar i Stord.

Han døydde i Bergen i 1896.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  1. Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel, s.292.