Claus Fasting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Claus Fasting

Ambrosia Tønnessen: Claus Fasting
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. oktober 1746
Bergen
Død

25. desember 1791 (45 år)
Bergen

Yrke skribent, journalist, rådmann
Claus Fasting på Commons

Claus Fasting (29. oktober 174624. desember 1791) var ein norsk forfattar frå Bergen.

Fasting studerte teologi og tok embetseksamen, men interesserte seg meir for språk, litteratur, musikk og jus. Frå København flytta han heim til Bergen, der han i 1771 gjorde lukke med Et musikalsk Hyrdestykke. Der etter reiste han til København att og var aktiv i det Norske Selskab, skreiv tragedien Hermiones. Frå 1777 budde han i Bergen, gav 1778-81 ut vekebladet Provinzialblade. I 1787 fekk han stilling som rådmann i heimbyen. Siste leveåret sende han ut Provinzial-Samlinger.

I blada sine skreiv Fasting anekdotar, epigram og kritikk. Han var ein åndfull og kunnskapsrik mann, og ein flink stilist. Han var opplysningsmann og hylla Voltaire, fann også glede i skrifter frå William Shakespeare, Ossian, Johann Wolfgang Goethe og Johannes Ewald. Sjølv var Fasting ingen stor diktar, men ein uredd skribent og formidlar av europeiske tankar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]