Claus Lundekvam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Claus Lundekvam
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. februar 1973 (51 år)
Austevoll kommune
Yrke fotballspelar
Språk norsk
Høgd 191 centimeter

Claus Lundekvam (fødd 22. februar 1973) er ein tidlegare norsk fotballspelar frå Austevoll. Han spela nokre sesongar for Sportsklubben Brann, men størstedelen av si tid som aktiv var han knytt til den engelske klubben Southampton. Gjennom tiårsperioden 1995-2005 spela han 40 landskampar for Noreg. Han er den nordmannen som har spela flest kampar i engelske Premier League. Lundekvam spela oftast midtstoppar, han var kjend som ein kontantspelande forsvarsspelar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Lundekvam kom til bergensklubben Brann som juniorspelar. Han debuterte på Brann sitt seniorlag i 1993 som midtbanespelar, men fekk ganske snart fast plass i midtforsvaret.

Frå hausten 1996 til han la opp, spela Lundekvam for den engelske klubben Southampton. Han spela 357 ligakampar for klubben, og er den utanlandske spelaren som har spela flest kampar for Southampton. I 2003 var han med då Southampton spela seg fram til finalen i FA-cupen, der det vart tap 0-1 for favoritten Arsenal. Southampton rykte ned til nivå to i England i 2005.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Lundekvam debuterte på Noregs landslag i 1995, men det var fyrst i 2002 at han fekk fast plass på laget. Han spela 40 landskampar, den siste i september 2005, og skåra to landslagsmål. Lundekvams fyrste landslagsmål, som kom mot Bosnia-Hercegovina i ein EM-kvalifiseringskamp i 2002, var samstundes Noregs landslagsmål nummer 1 000. Dei siste åra på landslaget var han fleire gongar lagkaptein.

Lundekvam la opp i mars 2008, då ein ankeloperasjon viste seg å verte omfattande.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • NM-sølv 1995 med Brann
  • Engelsk cupsølv 2003 med Southampton

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar