Claus Pavels Riis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Claus Pavels Riis
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. februar 1826
Bergen
Død

8. oktober 1886 (60 år)
Mandal kommune

Yrke dramaturg, bonde, lyrikar
Claus Pavels Riis på Commons
Riis’ Til seters, Stavanger faste scene, (1915)

Claus Pavels Riis (19. februar 18268. oktober 1886) var ein norsk forfattar, kjend for ettertida for visa «Uren Luren» om Anne Knutsdotter, dikta i 1869. I si levetid var Riis ein populær forfattar av skodespel og av studentarviser under pseudonymet Crispinus, før han busette seg i Tysnes som jordeigar og amtsgartnar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Claus Pavels Riis var fødd i Bergen 1826 som dotterson av biskop Claus Pavels. I 1844 reiste Riis til Kristiania for å bli student, noko han skulle bli verande i lang tid. Han dreiv det aldri lenger enn til «anden-eksamen», det som i dag tilsvarar førebuande prøver. Til gjengjeld var han særs aktiv i studentlivet. Under pseudonymet Crispinus gjorde han seg snart bemerka som diktar.

I 1855 flytta Riis til øya Tysnes i Sunnhordland. Han hadde då nyleg gått på ein landbruksskule i Hedmark for å læra seg jordbruk og skaffa seg eit levebrød. Den vesle «proprietærgarden» han kjøpte på Tysnes kosta 2900 dalar. Same året gifta han seg med den to år yngre Maria Elisabeth Weinvich Hertzberg frå Kinsarvik prestegard. Far hennar, Niels Hertzberg, var sokneprest der. Ho vert skildra som ei sjukleg, men myndig kvinne, «ikke uten en tøffel på dikterens nakke» som det vert skrive om henne.[treng kjelde] Ekteparet Riis hadde tre born: Anna f. 1857, Helga f. 1859 og Johan f. 1864.

I perioden frå 1859 til 1864 reiste Riis mykje kringom som amtsgartnar i Søndre Bergenhus. Han vart ein føregangsmann i hagebruksnæringa som bøndene tok etter. Forutan ei stor interesse for fruktdyrking var han også mellom dei første som planta grantre på Tysnes. Seinare fekk han ei stilling som forvaltar på godset tilhøyrande baroniet i Rosendal i nokre år, fram til kona døydde i 1881.

Året etter selde Riis garden. Han såg ikkje for seg noko liv der lenger, ettersom Anna var reist heimanfrå og Johan var drege til sjøs. Såleis drog han saman med dottera Helga tilbake til Kristiania, etter å ha vore vekke frå hovudstaden i mest tretti år. Her fekk han ei stilling på universitetsbiblioteket. Men fire år seinare, i 1886, døydde han. Claus Pavels Riis ligg gravlagd på Vossabakkjen ved Onarheimskyrkja på Tysnes.

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Claus Pavels Riis skreiv både skodespel og songar. Han gav ut ei rekkje bøker, som Literær polemik (1848), Viser og vers (1849) og Samfunnsarbeider (1851). Inspirert av den nasjonale rørsla innan kunst og litteratur skreiv han i 1849 sin dramatiske idyll Til sæters (oppført 1850), som rett nok ikkje var særleg original eller god, men som ikkje desto mindre vart svært populær og oppført både i Stockholm og København.

Men suksessen skulle ikkje koma til å vara. Dei seinare stykka hans, Julegæsten (1852) og Han har det strengt (1865) gjorde inga større lukke og vart snart gløymt. Bortsett frå ei av songane i det sistnemnde stykket - Anne Knutsdotter. Visa er det einaste som såleis lever att etter forfattarskapen hans, og det i ein slik grad at ho kan seiast å ha gått inn i folkevisetradisjonen.

Verk[endre | endre wikiteksten]

(Ufullstendig liste)

  • Literær polemik (1848)
  • Viser og vers (1849)
  • Samfunnsarbeider (1851)
  • Til sæters (oppført 1850)
  • Julegæsten (1852)
  • Han har det strengt (1865)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]