Claus Sellevoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Claus Sellevoll
Fødd 27. mars 1973
Alversund
Yrke skodespelar

Claus Sellevoll (fødd 27. mars 1973) er ein norsk artist og skodespelar frå Alversund. Han bur i Bergen og livnærer seg som artist og skodespelar. Dei siste åra har han vore knytt til Hordaland Teater og Sogn og Fjordane Teater («Singel & Sand», «Bikubesong», «Cato og Claus», «Vestlandsrevyen» og « Tyl »). Saman med Olav Stedje, Ragnar Hovland, Finn Tokvam og Halvor Folgerø gjorde han stor suksess i Bergen og dei fire vestlandsfylka med «Vestlandsrevyen» i 2007 og 2008. I 2009 delte Landssamanslutninga av nynorskkommunar ut målprisen til Hordaland Teater for produksjonen «Vestlandsrevyen».

I 2011 var Claus Sellevoll , Olav Stedje, Ragnar Hovland, Finn Tokvam og Halvor Folgerø tilbake med oppfølgjaren ”Vestlandsrevyen II”. ”Vestlandsrevyen er både intelligent og folkeleg – og sameiner det beste frå vestnorske bygderevyar og britisk Monty Python-tradisjon”, var mellom gjetorda frå kritikarane sist karane stod saman på scena.

I 2013 mottok Claus Sellevoll Medaasprisen. Prisen er på 20.000 kroner, samt en bronseplakett av Ivar Medaas laget av skulptør Vidar Mæland. Medaasprisen vert kvart år tildelt ein utøvande kunstnar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og brukar sin lokale dialekt.

I 2014 er Claus Sellevoll og Olav Stedje aktuell med eit teaterstykke om Ivar Medaas på Sogn og Fjordane Teater

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]