Clausius–Rankine-prosessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Clausius–Rankine-prosessen er ein syklus som omformar varme til arbeid. Det er ein idealprosses for dampmaskinar der eit vilkår er at dampmengda gjennom maskinen ekspanderer utan tap og adiabatisk frå friskdamptilstanden til mottrykket. Den termodynamiske verknadsgraden, eller indre verknadsgraden, er definert som tilhøvet mellom den verkelege netto-effekten til maskinen (utanom friksjontap, overføringstap o.l.) og den effekten som Clausius-Rankine-prosessen ville ha ytt.

Denne syklusen generer om lag 90 % av all elektrisk energi som vert nytta i verda,[1] inkludert så godt som alt solvarmeenergi, biomasse, kolkraft og kjernekraft. Han er kalla opp etter William John Macquorn Rankine og Rudolf Clausius.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]