Clem Burke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Clem Burke
Clem Burke.jpg
Clem Burke i 2009
Fødd24. november 1954 (65 år)
FødestadBayonne i New Jersey i USA
FødenamnClement Anthony Bozewski
AliasClement Burke
Clem Burke
Elvis Ramone
OpphavUSA
AktivSidan 1972
SjangerPunkrock, new wave, hardrock, post-punk, garasjerock, poprock
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarBlondie, Chequered Past, The Fleshtones, The Romantics, Ramones, Iggy Pop, Joan Jett, Pete Townshend, Eurythmics, Bob Dylan, The Adult Net, The Split Squad, The International Swingers, The Empty Hearts, Slinky Vagabond
Verka somMusikar

Clement Burke (fødd 24. november 1954) er ein USA-amerikansk musikar som er mest kjend som trommeslagar i bandet Blondie frå 1975, kort tid etter bandet vart skipa, og gjennom heile karrieren deira.

Spelestilen hans har vore inspirert av Hal Blaine, Keith Moon, Ringo Starr og Earl Palmer.[1]

I 1980- og 1990-åra, medan Blondie var oppløyst, spelte Burke trommer for The Romantics, Pete Townshend,[2] Bob Dylan,[2] Eurythmics,[3] Dramarama,[4] The Fleshtones, Iggy Pop,[2] og Joan Jett,[2] blant fleire. Han spelte òg med Chequered Past i 1983 i lag med Sex Pistols-gitaristen Steve Jones, Blondie-kollegaen Nigel Harrison, musikaren Tony Sales og songaren og skodespelaren Michael Des Barres.[5][6]

I 1987 spelte han to konsertar med Ramones (under namnet «Elvis Ramone»).[7]

Burke vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2006 som medlem av BLondie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Blondie: Rip Her to Shreds». Mojo. 1998. Arkivert frå originalen 27. september 2011. Henta 27. juli 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Clem Burke | BlondieBlondie». Blondie.net. Henta 4. desember 2018. 
  3. «Revenge25: Clem Burke Interview | Ultimate Eurythmics:». Eurythmics-ultimate.com. Henta 4. desember 2018. 
  4. «Dramarama». TrouserPress.com. Henta 4. desember 2018. 
  5. Louis A Bustamante, Barry L. Kramer. «Clem Burke Biography». Archive.blondie.net. Henta 4. desember 2018. 
  6. Allan Metz (16. mai 1999). «Clem Burke». Drury.edu. Arkivert frå originalen 19. juli 2011. Henta 4. desember 2018. 
  7. Frå filmen End of the Century: The Story of the Ramones

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]